Her er «Årets sambygding»

Per Onar Heggernes er kåra til «Årets sambygding» på Helmås av Bygdelaget 5915. Her får han overrekt portrettet «Per´n med trompeten» teikna av Håvard Giesendanner. Foto: Bygdelaget 5915.

Per Onar Heggernes er kåra til «Årets sambygding» på Helmås av Bygdelaget 5915. Her får han overrekt portrettet «Per´n med trompeten» teikna av Håvard Giesendanner. Foto: Bygdelaget 5915.

Artikkelen er over 3 år gammel

Per Onar Heggernes fekk prisen for sitt enorme engasjement for korpset i bygda.

DEL

Per Onar Heggernes har fått prisen som «Årets sambygding» på Hjelmås. I tillegg til heiderleg omtale og blomar, består prisen av teiking av prisvinnaren Håvard Giesendanner sin strek, kalla «Per´n med trompeten». 

Prisen vart nyleg delt ut av Cato Lyngøy på vegne av Bygdelaget 5915.

«Heggernes får prisen for sitt livslage engasjement for korpsrørsla i bygda. Vel fortent! Bygda takkar for innsatsen og gratulerer!», skriv Cato Lyngøy i ei pressemelding.

Her er grunngjevinga for prisen:

«Kandidaten i år får ein særs velfortent pris, men innsatsen ligg først og fremst noko attende i tida. Ja faktisk så langt attende at me måtte grava i litt gamle møteprotokollar for finna fakta. Kandidaten har utmerka seg med innsats over tid, pågangsmot, smittande energi, og eit godt humør.
Kandidaten har vore sentral, ja me torer seia avgjerande for korpsrørsla i vår bygd i over 30 år. Seinare har han også vore aktiv. Sidan starten er det berre to 17. mai han ikkje har vore på Leiknes og spelt til hyggje for andre.

Det starta med Hjelmås Musikklag i 1962 som i 1973 vart slått saman med Isdal til Isdal-Hjelmås Musikklag. Leknes Skulemusikk vart starta i 1965 og heldt det gåande i 22 år til 1987. På høgda talde korpset 28 stk og hadde full bras-besetning. Dei hadde nydelege himmelblå uniformer med knallgule pologenser. Korpset var med på stevner både nær og fjernt og utmerka seg med fin innsats.

Kandidaten var sentral som stiftar, dirigent, og pådrivar for begge desse korpsa. Ei tid var han både dirigent, notelærar og aspirantlærar for skulemusikken. Etter to år utan hornmusikk på 17. mai vart det igjen dradd i gong eit 17. mai orkester som etter kvart gjekk over i Leknes Blåseorkester. Leknes Blåseorkester har gleda oss med konsertar både vår, haust og til jul og stiller trufaste kvar 17. mai.

Også her er kandidaten med og har med dette vore ei aktiv drivkraft i korpsrørsla i bygda vår i over 50 år. Dette er ikkje mindre enn svært imponerande. Det er derfor ei stor ære å dela ut prisen som Årets Sambygding til Per Onar Heggernes.»

Artikkeltags