Heimleg heider til Kathrine Molvik

HEIDRA PÅ HEIMEBANE: Mandag vart Kathrine Molvik heidra på heimebane i Dampen. Her i lag med fungerande lindåsordførar Nina Bognøy og fylkesvaraordførar Pål Kårbø. Kathrine si dotter er og med på feiringa.

HEIDRA PÅ HEIMEBANE: Mandag vart Kathrine Molvik heidra på heimebane i Dampen. Her i lag med fungerande lindåsordførar Nina Bognøy og fylkesvaraordførar Pål Kårbø. Kathrine si dotter er og med på feiringa.

Artikkelen er over 3 år gammel

– Vi er stolt av deg, Kathrine Molvik.

DEL

Det seier dagleg leiar Børge Brundtland på Industriutvikling Vest sin Facebook-profil.

Forrige tirsdag vart Kathrine Molvik kåra til årets gründerkvinne, med ein halv million kroner i premie. Prisen vart delt ut av kronprinsesse Mette Marit.

Mandag vart ho heidra som Female Entrepreneur 2016 - som er den offisielle tittelen - blant sine eigne, i lokala Dampen i Knarvik. Her fekk også Molvik presentera seg sjølv og selskapet sitt, FeC AS.

Mange hadde møtt fram for å feira ho. Blant dei var fungerande ordførar i Lindås, Nina Bognøy og fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

Her kan du lesa fleire saker vi har skrive om Kathrine Molvik den siste tida:

Kathrine Molvik vart årets gründerkvinne

Kathrine Molvik vart spesialinvitert for å gje gründerråd til statsministeren og finansministeren

Ei stor fjør i hatten for Nordhordland

Kan vinna ein halv million i prestisjekåring

Kathrine kjempar seg fram i ei manneverd

Artikkeltags