Gå til sidens hovedinnhold

Har klipt av kjetting og stole vedkløyvar

Artikkelen er over 5 år gammel

Stolen frå vedbod på eit gardsbruk på Romarheim.

Ein bonde på Romarheim har i løpet av vinteren blitt fråstolen vedkløyvaren sin. No har han meld saka til politiet.

– Meldaren kom i går og skulle henta vedkløyvaren som stod plassert i ei vedbod ved eit uthus på Romarheim. Då var vedkløyvaren vekke. Den hadde vore festa med kjetting, men kjettingane var klipt over, seier lensmann i Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell Idar Vangberg til Avisa Nordhordland.

Tidspunktet for det frekke tjuveriet er uvisst.

– Han kunne ikkje opplyse om tid, men det må ha skjedd i løpet av januar eller februar, seier Vangberg.

Garden ligg tett på E39 og er synleg frå vegen.

Er dette ei sak de etterforskar?

– Får vi tips og nokon har kjennskap til saka vil vi gjera noko med det, men viss ikkje er ikkje dette ei sak vi har kapasitet til å etterforska, vedgår Vangberg.

Kommentarer til denne saken