«God Helgestart» i Knarvik

– «God Helgestart» har som føremål å redusera einsemd og alkoholpress ved å gi dei lokale bebuarane i Knarvik og omegn eit tilbod den dagen i veka kor det vert konsumert mest alkohol, seier Geir Henriksen i denne pressemeldinga, leiar i Edru Livsstil Nordhordland. Pressefoto

– «God Helgestart» har som føremål å redusera einsemd og alkoholpress ved å gi dei lokale bebuarane i Knarvik og omegn eit tilbod den dagen i veka kor det vert konsumert mest alkohol, seier Geir Henriksen i denne pressemeldinga, leiar i Edru Livsstil Nordhordland. Pressefoto

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

«God Helgestart» er eit prosjekt som handlar om alkoholfri samværekultur i starten på helga, ein dag i veka som ein ofte forbinder med stort alkoholbruk.

På fredag inviterer lokallaget Edru Livsstil Nordhordland til eit sosialt tilbod for den vaksne lokalbefolkninga. Tilbodet er eit samarbeid med Frivilligsentralen, og arrangementet skjer i Frivilligsentralen sitt kantinelokale i Nordhordlandshallen.

Et tilbod for fleire grupper

Tilbodet er rusfritt og er tenkt retta mot vaksne og ungdom over 18 år.

– Alle vaksne er velkomne, seier leiar i Edru Livsstil Nordhordland, Frank Henriksen.

Ikkje berre flyktningar og einsame, men absolutt alle som ønskjer eit sosialt fellesskap i eit rusfritt helgemiljø. Henriksen håper at mange vil takke ja til tilbodet.

– «God Helgestart» har som føremål å redusera einsemd og alkoholpress ved å gi dei lokale bebuarane i Knarvik og omegn eit tilbod den dagen i veka kor det vert konsumert mest alkohol. I tillegg skal tilbodet fremma alkoholfri samværekultur og skapa meir aksept for det å ikkje drikka alkohol. «God Helgestart» er også særs viktig i samband med integrering av våre nye landsmenn, seier Henriksen og gler seg til å ta i mot lokalbebuarane til kveldsmat i ein uformell tone på Frivilligsentralen på fredag.

Viktig med «God Helgestart»

– I dag manglar mange byar og tettstader opne og levedyktige alternativ til skjenkenæringa sitt godt utbygde tilbod, deriblant på Knarvik, seier Henriksen, og utan alkoholfrie tilbod som appellerer til breiare grupper, vil det å velje alkoholfridom bli eit lågstatus-stigma.

Henriksen er også engasjert politisk og meiner at jo lengre ein går i å la skjenkenæringa byggje ut sitt tilbod, jo større vil behovet bli for stimulerings- og reguleringstiltak som sikrar alternativ.

– Men dette er ein politisk kampsak, legg Henriksen inn.

– No er det dette konkrete tilbodet som skal stå i fokus, og så skal vi nok få lokalpolitikarane på banen for å forstå denne samfunnsutfordringa etter kvart.

Julemåltid

Førstkomande fredag, 2. desember byr «God Helgestart» på gratis julekveldsmåltid i ein heilt uformell tone.

– Her står mykje godt på menyen, så det er berre å kome, freistar Henriksen.

– Ein treng ikkje vere medlem eller fråhalds for å kome, men arrangementet er sjølvsagt alkoholfritt og eit trygt og hyggeleg tilbod til dei som tek turen innom for mat og prat.

Lindås kommune har støtta lokallaget med kulturmidlar, og når arrangementet er i samarbeid med Frivilligsentralen går det heller ikkje mykje til husleige.

– Dette er me takksame for. Det gjer at me kan bruka midlane me har fått frå kommunen på god julemat, aktivitet og underhaldning, avslutter Henriksen

Artikkeltags