Front mot front-kollisjon på fylkesveg 57

To bilar kolliderte front mot front i Kjevikdalen på Lindås fredag ettermiddag.

DEL

(BA): – Vi fekk melding om ulykka klokka 16.01. Det er meldt at to bilar har frontkollidert, og at det skal sjå ut som om det kjem røyk frå ein av bilane, seier vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen i Hordaland.

Han opplyser at brannvesenet rykte ut med to brannbilar og at dei andre naudetatene også er på veg til ulykkesstaden.

I starten blei det meldt at ein person skulle vere skadd, men like før klokka 17 gjekk politiet tilbake på dette.

Ifølge Vest politidistrikt var det tre personar innvolvert.

Ulykka skjedd på fylkesveg 57 ved Hundvin i nærleiken av NGIR-anlegget. Bilane skal ikkje hatt stor fart.

Det var redusert framkomst på staden ei god stund etter ulykka.

Punktert bil fører til kø i Fløyfjellstunnelen 

Artikkeltags