Erna Solberg kjem til Knarvik torsdag

Erna Solberg

Erna Solberg Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Statsministeren skal besøke Industriutvikling Vest i Dampen.

DEL

Industriutvikling Vest i Knarvik får storfint besøk førstkommande torsdag. Då gjestar nemleg statsminister Erna Solberg (H) Dampen og gründerbedriftene som held til der.

– Arrangementet i Knarvik er for å markere vidare og auka satsing på Industriutvikling Vest (IUV), seier dagleg leiar Børge Brundtland i ei pressemelding til Avisa Nordhordland.  

IUV er ein industriinkubator som bidreg til nyskaping og vekst i Nordhordland. Nyleg var kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) på besøk. Då avslørte han at samanslåingskommunane Lindås, Meland og Radøy får tre millionar kroner i planleggingsmidlar til Sambandet Vest.

Næringslivet er invitert

Besøket med Erna Solberg torsdag har ifølge pressemeldinga eit todelt program. Første del blir eit internt møte med Industriutvikling Vest før det blir eit arrangement i kantina for næringslivet.

Der er det invitert inn ei rekke personar frå næringslivet i regionen, breidt samansett frå ulike bransjar og ulike storleikar på bedriftene.

– Dette gir statsministeren ei fin moglegheit til å møte næringslivet i Nordhordland. I tillegg blir det nokre bedriftspresentasjonar frå næringslivet. Det er veldig fint at statsministeren ønsker å besøke oss i ei travel tid. Vi ser på det som ei annerkjenning for det arbeidet vi gjer og kva rolle selskapet har i regionen, seier Brundtland i pressemeldinga.

Vil vite korleis det går

Besøket vil vare i 90 minutter.

– Under besøket vil statsministeren også få eit innblikk i, ein temperaturmålar, på korleis næringslivet i Nordhordland oppfattar tidene no. Samtidig ønsker ho innspel om kva utfordringer næringslivet har i vår regionen, seier Brundtland. 

Han har også tidlegare delteke på møter med statsministeren, men ser no fram til å få statsministerbesøk på heimebane.

Lindås gir 750.000 kroner til Industriutvikling Vest

Han mistar tilskotet frå Austrheim - har fått Radøy med på laget 

Artikkeltags