Elevar fekk høyre sterke flyktningehistorier

ELEVAR: Isabella Gravdal (frå venstre), Nathalie Sakslo, Emma Hodneland og Karianne Hellesøy går i klasse 9C og 9B på Knarvik ungdomsskule, og syntes det var interessant å høyre om livet til ein båtflyktning.

ELEVAR: Isabella Gravdal (frå venstre), Nathalie Sakslo, Emma Hodneland og Karianne Hellesøy går i klasse 9C og 9B på Knarvik ungdomsskule, og syntes det var interessant å høyre om livet til ein båtflyktning. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ola Jøsendal fortalde elevane på Knarvik ungdomsskule om korleis det var å vere lege på flyktningbåten Siem Pilot i Middelhavet. – Kunnskapsnivået om flyktningane kunne vore betre, seier han.

DEL

Onsdag fortalde assisterande kommuneoverlege i Bergen, Ola Jøsendal, om sitt arbeid om bord på Siem Pilot i Middelhavet. Publikum var elevar og lærarar på Knarvik ungdomsskule.

Det var hausten 2016 at Jøsendal var ein del av mannskapet som stabslege i Sjøforsvarets sanitet. På eit lite dekk sat 986 personar i fire døgn. Det var seks toalett – tre for kvart kjønn.

– Folk skal vere veldig snille med kvarandre for at det skal gå bra, seier Jøsendal.

Lege og spesialist i samfunnsmedisin, Ola Jøsendal, har vore lege om bord i ein flyktningsbåt i Middelhavet. Sjølv hadde hjelpemannskapet eigne lugarar. – Vi hadde ikkje noko å klage på, seier Jøsendal.

Lege og spesialist i samfunnsmedisin, Ola Jøsendal, har vore lege om bord i ein flyktningsbåt i Middelhavet. Sjølv hadde hjelpemannskapet eigne lugarar. – Vi hadde ikkje noko å klage på, seier Jøsendal. Foto:

Døydde av kullosforgifting

Frå Tyrkia kom det trebåtar berekna for 20 personar, men som var lasta med 300-400 menneske, på det meste kunne ein sjå båtar med om lag 600 om bord.

I den provosoriske sjukestova om bord på Siem Pilot gjorde Jøsendal og dei andre legane både små og store inngrep. 

– Det var alle slags skadar. Alt frå diabetes til store brannskadar. Mellom anna hadde 242 av dei 986 om bord hadde skabb, fortel Jøsendal.

I ein trebåt sat altfor mange menneske under dekk. 49 av desse døydde av kullosforgifting. I dei skrøplege plastbåtane kunne folk sitte i ei blanding av sjøvatn og diesel, og dei fekk store etseskadar, som liknar brannskadar.

– Det er utruleg sterkt å sjå døde menneske. Som lege burde eg vere førebudd på det, men det er noko anna når det skjer på denne måten, og med barn og unge, seier Jøsendal.

Får ikkje vaske seg

Som helseteam måtte dei heile tida gjere prioriteringar ut frå potensielt svært mange pasientar. Jøsendal meiner at mange sjukdommar kunne vore unngått viss flyktningane hadde hatt høve til å vaske seg.

FOREDRAG: Ola Jøsendal fortel om korleis det var å vere mannskap om bord på ein flyktningsbåt i Middelhavet. Elevar på Knarvik ungdomsskule følger med.

FOREDRAG: Ola Jøsendal fortel om korleis det var å vere mannskap om bord på ein flyktningsbåt i Middelhavet. Elevar på Knarvik ungdomsskule følger med. Foto:

– Ein bør slutte med å snakke om flyktningar og migrantar. Dei er vanlege folk, akkurat som oss, sa Jøsendal til forsamlinga.

Ei afghansk kvinne klaga over magesmerter, då det viste seg at ho var gravid, og at fødselen var i gong. Jøsendal fortalde også om arresten. 

– Viss det blei slåsting, så kunne dei involverte bli frakta ut frå hovuddekket, og plassert i handjern i arresten. Den første som blei sett der svima av, for han trudde at han kom til å bli kasta på sjøen, fortel Jøsendal.

Ei jente i salen spør om han knytte seg til nokon spesielle. 

– Det er eit spørsmål som gjev meg ein klump i magen. Eg såg ei 14 år gammal jente som låg død i båten. Ein annan, ein gut på 15, hadde reist åleine. Kortbuksa han hadde på seg, var alt han eigde. Eg hugsar også ein godt vaksen mann med eit fortvila blikk. Han hadde mista alt. 

Ein annan elev spør kor mykje dei betalte for ei slik reise. 

– Prisen ligg på mellom ti og tjuefem tusen kroner. For dei dyraste reisene får dei med seg ein liten koffert. Samstundes er det mykje plyndring og menneskesmugling langs ruta. 

– Ein absurd situasjon

Når båtane kjem til Italia, blir menneska fordelt i ulike kommunar. Nokon blir sendt tilbake, nokon får asyl, medan andre må ut av landet utan å ha nokon pengar. 

– Det var ein absurd situasjon. Ein tragedie. I Norge må vi vere medvitne på kor godt vi har det, og vi må vere medmenneske, seier Jøsendal, som er tydeleg på at han ikkje er tilhengar av invandringspolitikken til dagens Høgre/Frp-regjering. 

Han trur kunnskapsnivået i Norge må aukast. 

– Det betyr ikkje noko kva hudfarge, religion eller legning du har, seier Jøsendal.

– Vi kan gjere meir

Niandeklasse-elevane Isabella, Nathalie, Emma og Karianne er overraska over korleis flyktningane har det i Middelhavet.

– Det er fint gjort av ham å hjelpe til og å fortelje andre om det. Eg visste lite om det frå før, seier Isabella Gravdal (14).

– Eg har sett video i klassen om denne båten. Så eg visste at det kom mange menneske i ein båt som blei redda. Og at mange døyr undervegs, seier Nathalie (14).

Ho trur at Norge kan hjelpe ved å ta imot fleire flyktningar, og å gjere reisa billegare.

– Vi kan jo samle inn pengar. Eller vere frivillige, seier Emma Hodneland (14).

Artikkeltags