Eit stort steg for strilamuseet

STRILAMUSEET: Med nydeleg utsikt er Strilamuseet planlagt på nedsida av Håkonshaugen. Denne flokken er glad for at prosessen no er komen så pass langt. Frå v: Johannes Rydland, Jan B. Thorsheim, Terje Hopland, Astrid Aarhus Byrknes, Einar Vatne, Øyvind Stang og Knut Willie Jacobsen. Foto: Randi Bjørlo

STRILAMUSEET: Med nydeleg utsikt er Strilamuseet planlagt på nedsida av Håkonshaugen. Denne flokken er glad for at prosessen no er komen så pass langt. Frå v: Johannes Rydland, Jan B. Thorsheim, Terje Hopland, Astrid Aarhus Byrknes, Einar Vatne, Øyvind Stang og Knut Willie Jacobsen. Foto: Randi Bjørlo

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Vi håpar prosjektet vert ein realitet og ikkje putta i ei skuff på rådhuset.

DEL

Det sa leiar i Lindås Sogelag, Jan B. Thorsheim då han onsdag føremiddag presenterte planane for eit Strilamuseum med visningssenter og magasin i tilknyting til kommunen sin tusenårsstad Håkonshaugen.

Endra planar undervegs

Den opprinnelege planen gjekk ut på å etablera ein slik formidlingsarena på oppsida av vegen, der Håkonshaugen ligg. Det var innhenta samtykke frå grunneigar som har vore med på planarbeidet.

Men då Fylkeskonservatoren uttrykte stor skepsis til planane i dette området, og ikkje har gitt tilbakemelding på eit justert framlegg, bestemte gruppa seg for å utarbeida eit nytt framlegg.

Denne gongen på nedsida av vegen, på eit areal som Lindås kommune eig. Det tredelte bygget vil gå inn på den opparbeidde parkeringsplassen, som då vert forlenga i søre enden og få ny og betre tilkomst derifrå.

Eit turistmål

No overlet gruppa og sogelaget til kommunen å ta seg av det vidare arbeidet.

– Seim er ein sentral plass med historiske tradisjonar. Strilamuseet kan bli eit kommunalt, regionalt og nasjonalt minnesmerke og Håkonshaugen eit turistmål. Strilamuseet vil og vera eit bidrag til reiselivet, seier Johannes Rydland, som har leia gruppa. Han meiner kommunen må bli flinkare til å marknadsføra det unike ein har å by på.

Eit landemerke i bygda

Arkitekt Knut Willie Jacobsen, som har utarbeidd skissa som no vert presentert, seier ein ser for seg eit bygg i tre seksjonar.

Eit visningssenter for Håkon den Gode med amfi, eit strilamuseum og magasin i underetasjen - bygd med naturstein, grove materiale, torv eller gras på taket, og store vindu i gavlen.

– Her vil ein kunna sjå heile Seims- og Lurefjorden til endes. Og bygget vert eit godt landemerke i bygga, seier han.

Kommunen sitt ansvar

– Strilamuseet vil vera bra for bygda og heile Nordhordland. Mykje er gjort og vi er no komne til ein milepel der kommunen må mykje meir inn i bildet, seier Thorsheim når han leverer planskrivet til ordførar Astrid Aarhus Byrknes som leverer det vidare til kultursjef Øyvind Stang.

– Brevet må ikkje bli lagt i ei skuff. Både ordførar og sogelaget må pressa på for at så ikkje skjer, seier han.

– Eg pleier å sei at alle frivillige er «gullet vårt». Skal vi få til noko, er vi avhengige av eit godt samarbeid, seier Stang. Han rosar Sogelaget for arbeidet med å ta vare på tusenvis av små og store gjenstander som både presenterer og dokumenterer strilakulturen for dagens og kommande generasjonar.

Artikkeltags