Ein person sat fastklemt etter ulykke - frakta til sjukehus i luftambulanse

To bilar kolliderte på fylkesveg 57 ved Hundvin i Lindås måndag morgon.

DEL

Politiet fekk melding om ulykka klokka 07.42. Det sat ein person i kvar av dei to bilane.

Ein av dei var fastklemt, men bevisst.

Alle naudetatar rykte ut, og vegen vart stengt.

– Fastklemd person er frigjort og vert frakta med luftambulanse til sjukehus. Gjekk sjølv til båra, melde Vest politidistrikt på twitter ca. klokka 08.10.

Politiet melder også om mykje oljesøl og store materielle skadar på bilane. Fylkesveg 57 vert stengd ein periode til det er rydda opp.

Saken oppdateres.

Artikkeltags