Ein person sat fastklemd etter utforkøyring

Det vart dramatisk då denne personbilen hamna på taket etter ei utforkøyring på fylkesveg 57 ved Lyngfjelltunnelen. Ei kvinne vart sittande fastklemd i bilen, men vart redda ut av brannmannskap. Foto: Bergen Foto og Media

Det vart dramatisk då denne personbilen hamna på taket etter ei utforkøyring på fylkesveg 57 ved Lyngfjelltunnelen. Ei kvinne vart sittande fastklemd i bilen, men vart redda ut av brannmannskap. Foto: Bergen Foto og Media

Av , og
Artikkelen er over 2 år gammel

Trafikkulykke på fylkesveg 57 i Lindås. – Det var kaotisk, seier vitne.

DEL

Ein person blei sittande fastklemd i ein bil etter ei utforkøyring søndag ettermiddag. Ulykka skjedde på fylkesveg 57 i Lindås i nærleiken av Lyngfjelltunnelen.

Ulykka skjedde på utsida av tunnelen. Det var to personar i bilen.

Det opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen til Avisa Nordhordland i 16.40-tida.

– Vi fekk melding om ulykka klokka 16.33. Ein person har komme seg ut av bilen, medan ein framleis sit fastklemd. Politi, brannvesen og ambulanse er på veg, sa Samsonsen på det tidspunktet.

Også luftambulanse vart sendt ut.

Klokka 16.53 melde politiet på Twitter at brannvesenet var framme på staden og hadde fått den fastklemde personen ut av bilen.

– Personen blir køyrd med ambulanse til traumemottaket på Haukeland sjukehus. Tilstanden er foreløpig ukjent, seier Samsonsen i politiet til BA.

– Det var kaos

Oliander Taule kom til staden like etter ulykken og fortel til BA om dramatikken.

– Eg kom køyrande rundt ein sving, og plutseleg så eg eit totalvrak av ein bil i vegkanten. Eg såg at ein annen heldt på å ringe ambulansen, så eg tok på refleksvesten og sprang bort for å sjå korleis det gjekk. Det var kaos der, fortel Taule til BA.

Taule fortel at det var ein mann og ei kvinne i bilen. Sjåføren skal det ha gått bra med, men han var forståeleg nok helt frå seg over kvinna som sat fast, fortel vitnet.

Lange minutter

Taule og andre på staden prøvde å snakke med den fastklemde kvinna.

– Ho var bevisst, men hadde veldig vondt i ryggen, så vi venta på at helsepersonell skulle komme. Dette var ikkje verdens navle, så vi visste ikkje kor fort dei skulle komme. Minuttane føltes veldig lange, men naudetatene kom til slutt og hjalp henne ut, fortel Taule.

Han opplevde situasjonen som svært dramatisk.

– Det gjorde inntrykk på meg. Heilt surrealistisk å sjå ein bil velte på den måten. Eg forstår ikkje korleis den har havna der, seier Taule, som no håpar at det skal gå bra med den skadde kvinna.

Artikkeltags