– Ein felles dugnad

Veldedig prosjekt: Fredrik Schmidt Fotland, Astrid Aarhus Byrknes, Nils Frøseth, Åge Torsvik og Arne Årseth set no i gong eit veldedigheitsprosjekt som skal vare i heile 2016. foto: trond roger nydal

Veldedig prosjekt: Fredrik Schmidt Fotland, Astrid Aarhus Byrknes, Nils Frøseth, Åge Torsvik og Arne Årseth set no i gong eit veldedigheitsprosjekt som skal vare i heile 2016. foto: trond roger nydal

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Knarvik senter har saman med bokhandel Norli og fotografane Arne Årseth og Ola Moen gått saman om eit veldedig prosjekt. Også Lindås kommune støttar opp.

DEL

For å setta fokus på dei mange som slit i lokalsamfunnet vårt, inviterer dei til ein felles dugnad: Kjøper du ei lokal fotobok eller eit lokalt postkort er du med å hjelpa nokon som treng det. Delar av midlane vil gå til eit veldedig formål retta mot svake grupper.

Utanfor Norli sin bokhandel i Knarvik senter er det no hengt opp opp ei fotoutstilling. Bileta er tekne av fotografane Ola Moen og Arne Årseth.

I tillegg å studera bilda kan ein kjøpa postkort eller bøkene «Portrett frå Nordhordland» av Arne Årseth og fotoboka «Lindås» av Ola Moen.

Mål om 100 000 kroner

Begge fotografane gir 50 kroner per selde bok til formålet, som enno ikkje er bestemt. Knarvik senter bidrar mellom anna med gåvekort.

– Blir det pengar ut av dette?

– Ja, det blir det. Så lenge vi sel nok kort og bøker vil det generere litt pengar. Så kjem det også inn litt støtte frå enkeltfirma og Lindås kommune, seier bokhandlar Nils Frøseth, som er ein av initiativtakarane.

– Det vil også vera mogleg for firma å bidra med summar, så får dei bøker som dei kan gje til sine tilsette.

– Målet er å få inn 100 000 kroner. Det utgjer mange bøker og kort, men om mange av oss støttar opp og kjøper, skal vi skaffe nok produkt! garanterer Frøseth.  

Personar og natur

Prosjektet vil truleg vare heile året.

– Vi vil vise Nordhordland slik det er i dag og har vore - både med portrett av nolevande markate nordhordlendingar og ikkje minst visa den flotte naturen vi har i Nordhordland. Det kjem også andre fotografar som vil bidra med andre typar motiv, seier Frøseth om bildeutvalet.

– Dess meir vi sel, dess meir kan vi gje til lokale formål. Det er det som er tanken. Samla inn og visa at vi engasjerer oss. Alle bryr seg og tenker på svake grupper, men det er ofte vanskeleg å koma i gang med noko. Vi håper og trur dette kan vera eit bidrag, seier han.

VIl ha fleire forslag

Arne Årseth har 25 av bileta frå boka han kom ut med i fjor haust på veggen.

– Nils er kreativ på bokhandelen, og då vart vi einige om at eg kunne henga dei her, seier Årseth.

– Korleis har boksalet gått?

– Eg har fått veldig mykje skryt og klapp på skuldra. Men eg er jo ein evig optimist, og hadde vel fått laga eit opplag med tanke på å selja endå meir.

– Men eg føler boka er litt tidlaus, og den sel framleis. Det viktigaste for meg har uansett vore å laga boka, som var eit resultat av 30-årsjubileet i fjor. Den er noko eg står for.

Kommunen kjøper bokpakkar

Lindås kommune har også valt å støtta prosjektet.

– Eg synes dette er eit utruleg flott prosjekt, så eg skal vera med å heia på dette, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Framover vil ho truleg ha nye ting på lur i samanhengar der det er naturleg for kommunen å gje mindre gåver.  

– Lindås kommune vil gjere seg nytte av desse bokpakkane. Vi gjer ein del gåver, både til folk som er innom og foredragshaldarar. Å heller kjøpa noko heilt lokalt er ein flott måte å gi ei takk i staden for blomster, seier Aarhus Byrknes.

Initiativtakarane har plukka ut nokre kandidatar til formål:

  •  Nordhordland Røde Kors
  •  Nordhordland Rotaryklubb
  •  Dråpen i havet, avdeling Bergen.
  •  Nordhordland Bibelsenter (Share, fadderordninga)
  •  Syria-aksjon (Flyktningehjelpen/Bergen Næringsråd
  •  Andre forslag

Du kan koma med forslag til veldedig formål på Avisa Nordhordland si Facebook-side eller kontakte nokon av initiativtakarane. På eit seinare tidspunkt blir det mogleg å stemma mellom kandidatane på nettsidene til Avisa Nordhordland.

Artikkeltags