Eikanger-Bjørsvik vart hylla av over 200 på Flesland

Her er Eikanger-Bjørsvik på Flesland med EM-trofea dei henta heim frå Belgia. Foto: Emil Weatherhead Breistein

Her er Eikanger-Bjørsvik på Flesland med EM-trofea dei henta heim frå Belgia. Foto: Emil Weatherhead Breistein

Artikkelen er over 2 år gammel

Lindås kommune oppfordra nordhordlendingane til å ta turen til Flesland for å hylle Eikanger Bjørsvik.

DEL

Seint laurdag kveld vart det klart at Eikanger Bjørsvik er Europameistrar i brass 2017. Dette er tredje gong i historia brasskorpset går til topps i EM.

Meisterskapen vart arrangert i Oostende Belgia, og søndag flydde Eikanger Bjørsvik-delegasjonen, som tel rundt 80 personar, heim til Bergen.

Flyet med europameistrane landa i 17-tida og i forkant hadde Lindås kommune oppfordra folk om å stille opp for å gje EM-vinnarane den hyllesten dei fortener.

«Kva seier de til å ta imot Eikanger-Bjørsvik Musikklag med stil når dei landar på Flesland i ettermiddag? Flyet landar kl 16.50. Ordførar Astrid Aarhus Byrknes og kultursjef Øyvind Stang stiller seg opp i mottakshallen kl 17.00, og oppmodar flest mogleg frå kommunen og regionen til å delta. Ta med flagg - møt opp - delta i feiringa av Europas beste brassband.», skreiv Lindås kommune på Facebook.

    Hylla av over 200

    Og hyllest blei det. Med norske flagg, blomar og klemmar. Over 200 korpsentusiastar hadde møtt opp. Og då Eikanger-Bjørsvik entra ankomsthallen i 17.30-tida var det sjølvsagt til korpsmusikk.

    Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes har vore på KrF sitt landsmøte i Trondheim denne helga, og hadde ankomst eit kvarter etter flyet til Eikanger-Bjørsvik. Det heldt, så vidt.

    – Eg rakk det, og eg er utruleg glad for det. For det å kunne stå her og ta i mot desse fantastiske ambassadørane våre er umåteleg stort og heilt magisk, seier Astrid Aarhus Byrknes til Avisa Nordhordland.

    – Stort for heile Noreg

    Ho hadde med seg varaordførar Nina Bognøy og kultursjef Øyvind Stang frå kommunen.

    – Den stemninga her viser at dei var veldig velkomne heim. Det hadde dei vore uansett, for dei er gullet vårt, men dette er magisk, seier Aarhus Byrknes.

    – Kva betyr Eikanger-Bjørsvik for Lindås?

    – Det betyr mykje for Lindås og mykje for Nordhordland, men dette er stort for heile Noreg. Eikanger-Bjørsvik er våre utsendingar i EM fordi dei har vunne NM. Det er ei stor bragd, og at dei går heilt til topps i EM er dei vel unt, for dette har dei verkeleg jobba for. Det kjem ikkje av seg sjølv, seier Aarhus Byrknes.

    – Endeleg kom sigeren

    I Trondheim var det landsmøtefest då brasskorpset gjekk heilt til topps i Belgia laurdag kveld.

    – Resultata kom ganske seint, ved midnatt. Eg følgde med live på Facebook, og det var utruleg spennande. Eg skalv så eg ikkje klarte å halde telefonen, ler Aarhus Byrknes.

    – Eikanger-Bjørsvik har vore eitt av våre flaggskip, og endeleg kom sigeren etter veldig mange nesten-forsøk, seier Karl Ole Midtbø, generalsekretær i Norges Musikkorps Forbund (NMF) til BA.

    Artikkeltags