Drar i gang Lysfesten i Knarvik igjen etter tre års pause

Av

Knarvik senter, KnarvikMila, Brekkeløypas Venner og Avisa Nordhordland fyrer opp igjen Lysfesten.

DEL

Avisa Nordhordland arrangerte Lysfesten i Knarvik i mange år, og det var mange som sakna den koselege førjulstradisjonen då den forsvann for nokre år sidan.

– Eg var faktisk med på dra i gong Lysfesten, då den starta for mange år sidan. Saman med Randi Bjørlo, som var redaktør i Avisa Nordhordland den gongen, fekk vi stelt i stand noko som skule vise seg å bli ein flott førjulstradisjon, seier senterleiar Åge Torsvik.

Saman med KnarvikMila, Brekkeløypas Venner og Avisa Nordhordland, skal Knarvik senter igjen blåse liv i Lysfesten. Men nokre småting blir endra på.

– Den opprinnelege planen var å gå rundt Brekkeløypa, men no blir det ei alternativ rute der det ikkje er is. Det blir uansett ein fin tur for store og små, fortel ein glad Torsvik fredag ettermiddag.

Lovar fyrverkeri

Sidan Knarvik Senter er inne i sitt førtiande år, og Lysfesten er tilbake etter nokre år på vent, blir det litt ekstra krutt i søndagens arrangement.

– Det blir jubileumsfyrverkeri, røper ein entusiastisk Torsvik.

– Når fakkeltoget kjem til idrettsbana, kjem det til å bli eit fyrverkerishow, og så avsluttar vi med gløgg inne på senteret, seier senterleiaren.

Og vêrmeldingane ser lovande ut. Fredag ettermiddag melder Yr.no om 3 grader, lett bris og opphaldsvêr søndag kveld.

– Veldig kjekt at det no blir lysfest igjen. Det var ein flott førjulstradisjon avisa stod bak i heile 16 år, og vi var lei oss då vi ikkje fekk det til i 2015. Det var fleire årsaker til det. Sidan har vi desverre ikkje hatt kapasitet til å ta på oss arrangørrolla, og vi ville heller ikkje gjere noko halvvegs. Knarvik senter, med god hjelp av KnarvikMila og Brekkeløypas Venner, skal ha mesteparten av æra for at Lysfesten er tilbake, håpar mange no nyttar sjansen og får den med seg, seier Avisa Nordhordland-redaktør, Trond Roger Nydal.

Konsert på Sentrumstorget

Fakkeltoget kjem til å starte etter at butikkane på senteret har stengt slik at alle dei tilsette der og kan få anledning til å gå i falkkeltog og få med seg fyrverkeriet. I tillegg blir det konsert på Sentrumstorget med artistgruppa «Gutta» i forkant.

– Det er ein talentfull gjeng i alderen 8-13 år som skal synge og danse for oss. Dei kjem til å halde to konsertar for oss. Ein konsert klokka 17, og ein konsert klokka 18 - slik at alle som vil skal funne få det med seg, fortel Torsvik.

Faklar til Lysfesten kan ein få kjøpt på senteret før toget byrjar å gå. Her vil pengane gå til Knarvik senter si bursdagsgåve til den lokale kulturen, «Vi bryr oss».

Nærmar seg 100.000 kroner

Pengane som vert samla inn skal delast ut til eit lokalt kulturprosjekt.

– «Vi bryr oss» har vore ein kjempestor suksess. No nærmar vi oss innspurten , og målet vårt, på å samla inn 100.000 kroner, er snart nådd, seier Torsvik oppglødd.

Pengane frå «Vi bryr oss» vert delt ut i januar, og det vert anledning til å søke om midlar.

Salet av faklar startar i senteret søndag klokka 18. Fakkeltoget går frå senteret 19.00, og fyrverkeriet blir skote opp ca. klokka 19.30.

Artikkeltags