Desse skal diskutere omdømmet vårt

Finn Tokvam skal ha skråblikk på Nordhordland under omdømmeseminaret til Nordhordland Næringslag tysdag. Arkivfoto

Finn Tokvam skal ha skråblikk på Nordhordland under omdømmeseminaret til Nordhordland Næringslag tysdag. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Humorist Finn Tokvam blir ein av føredragshaldarane når Nordhordland Næringslag set fokus på omdømme i eige seminar.

DEL

Førstkommande tysdag arrangerer Nordhordland Næringslag i samarbeid med Region Nordhordland eit seminar der temaet er omdømmet til Nordhordland. Næringslaget meiner nemleg at regionen sitt omdømme må styrkast.

– Omdømme har lenge vore eit tema det har blitt jobba med politisk og på regionnivå. Vi ønsker å få opp omdømmet til Nordhordland, seier Svein M. Nordvik, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag.

– Våre medlemmer har vore veldig tydeleg både i undersøkingar og tilbakemeldingar på at det er viktig å fremme omdømmet til Nordhordland, legg han til.

LES OGSÅ: – For låg bustadbygging og for få nye private jobbar

– Vi er ikkje sidrompa

Nordvik understrekar at det er mykje bra som skjer i regionen, men at det også er utfordringar i nær framtid.

– Befolkningsauken vil bli mindre dei nærmaste åra enn den blir vest for Bergen og i Os-regionen. Vi ligg etter, og det må vi få gjort noko med, seier Nordvik.

Leiaren i næringslaget er redd for at regionen framstår for gamaldags og sidrompa - noko han meiner det ikkje er grunn for.

– Vi har mykje bra i Nordhordland for heile livsløpet; natur, korps, bumiljø, revyar og grendalag, det er ikkje slik at det ser mørkt ut for oss, men vi er kanskje litt for beskjedne. Vi må framsnakke Nordhordland slik at vi ikkje heile tida blir oppfatta som sidrompa, for det er vi ikkje! seier Nordvik.

Skråblikk av Finn Tokvam

Under seminaret blir det innlegg av næringslaget sin styreleiar Richard Sulen, Karstein Totland (regionrådsleiar og Masfjorden-ordførar), Harald Håland (dagleg leiar i Myrkdalen Fjellandsby), Thomas Skålnes (direktør for Sartor Storsenter), Astrid Aarhus Byrknes (Lindås-ordførar) og Finn Tokvam (journalist, forfattar og humorist).

Det blir også ein debatt leia av Strilen-redaktør Stig Erik Elliott.

Kva meiner du om omdømmet til Nordhordland? Vi ønsker å høyre di meining. Skriv innlegg her eller send epost til redaksjonen@nordhordland.no

Artikkeltags