Busselskapet Fjordhesten kom ingen veg med klagen mot Tide Buss

Dagleg leiar Tom Halland Kristiansen i Fjordhesten Turbuss er skuffa over Konkurransetilsynets avgjerd.

Dagleg leiar Tom Halland Kristiansen i Fjordhesten Turbuss er skuffa over Konkurransetilsynets avgjerd. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fjordhesten Turbuss kom ingen veg med å klage inn Tide Buss for brot på konkurranselova.

DEL

(BA): – Skuffande, seier Fjordhesten-leiar Tom Halland Kristiansen om Konkurransetilsynet si avgjerd.

Måndag skreiv vi at det vesle busselskapet Fjordhesten i Knarvik hadde klaga Tide Buss AS for brot på paragraf 11 i konkurranselova.

Tide blir skulda for å drive utilbørlig utnytting av si dominerande stilling i bussmarknaden, ein påstand Tide ikkje kjente seg igjen i.

«Etter ein konkret helhetsvurdering», har tilsynet ikkje funne grunnlag for å kunne prioritere ytterlegare ressursar til vidare saksbehandling av saka. Avgjerda kan ikkje påklagast.

Tide-topp: – Sjølvsagt glade

– Vi er sjølvsagt glade for, men ikkje overraska over, at Konkurransetilsynet ikkje vil gå vidare med saka, uttaler konsernsjef Roger Harkestad i Tide.

Han meiner dette stadfestar at Tide har gode rutinar for å sørge for at selskapet opererer innanfor alle rettslege rammer, inkludert Konkurranselova.

– Tide er gjenstand for betydeleg konkurranse ved at ruteproduksjonen blir vunne gjennom opne offentlege anbudskontrakter i sterk konkurranse med fleire, store nasjonale aktørar, påpeikar Harkestad.

Konkurransetilsynet grunngjev avgjerda med at dei ikkje har ressursar til å realitetsbehandle alle henvendingar dei får inn om påståtte brot på konkurranselova.

– For lettvint

– Eg synest dei tar for lett på det. Dette er ei blankofullmakt til Tide som berre kan fortsette som før. Hadde eg vore Tide hadde eg spretta champagnen. Dei kjem styrka ut av dette, etter mitt syn, seier Kristiansen.

– Skuffande at myndigheitene tar såpass lett på konkurransesituasjonen i bussnæringa. Men eg er villig til å la dette fare no. Vi har arbeid og har blitt einig med Tide, seier Kristiansen.

Tide er opptatt av å ha gode relasjonar og eit godt samarbeidsklima med samarbeidspartnarar, både på kunde- og leverandørsida, melder Harkestad.

– Dette er generelt også dei tilbakemeldingane vi får frå dei, seier konsernsjefen.

Artikkeltags