Bretta drikkekartongar - vann 10 000 kroner

VINNAR: Ein mann frå Ostereidet har vunne 10 000 kroner i returkartonglotteriet til Grønt Punkt. Han vil vera anonym.  Foto: Grønt Punkt

VINNAR: Ein mann frå Ostereidet har vunne 10 000 kroner i returkartonglotteriet til Grønt Punkt. Han vil vera anonym. Foto: Grønt Punkt

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ein mann frå Ostereidet er blitt 10 000 kroner rikare etter å ha bretta og levert drikkekartongar.

DEL

– Vi gratulerer vinnaren som vil vera anonym, seier Solrun Drejer, kommunikasjonsrådgjevar i NGIR.

Ho nyttar samtidig sjansen til å takka for innsatsen til alle som brettar og leverer drikkekartongar.

– Vil du og vinna, kan du bretta seks kartongar i den sjuande, og laga deg eit kartonglodd ved å skriva namn og telefonnummer på kubben som du legg i papirdunken din. Då er du med i trekninga, seier Dreier.

LES OGSÅ: Dei har planane klare for ny idrettshall til 50 millionar

Grønt Punkt Norge AS administrerer innsamlinga. Kvart år vert det delt ut premiar for tilsaman 1,6 millionar kroner.

Dette vert fordelt på 120 premiar på 10 000 kroner kvar og fire premiar på 100 000 kroner kvar.

Kartongkubbar vert trekte på 86 ulike stadar, spreidd over heile landet, og utfrå innbyggartalet. Desse går vidare til den nasjonale trekninga.

Artikkeltags