Brann på kjøkken i Lindås-bustad

Skal ha oppstått i mikrobølgeovn.

DEL

110-sentralen i Hordaland og Vest politidistrikt melder begge om brann i ein bustad i Lindås onsdag kveld.

Meldinga kom like over klokka 19.

Brannen skal ha starta i ein mikrobølgeovn på kjøkkenet i ein bustad. Ifølge naudetatane er alle personar ute av bustaden.

Det er i ein bustad i Strandvegen i Knarvik brannen skal ha oppstått.

Naudetatane rykte umiddelbart ut til staden då meldinga kom.

– Vi sende to brannbilar og ein vasstankbil til staden, opplyser 110-sentralen i Hordaland til BA.

Bebuarane i bustaden kom seg ut i god behold, og klokka 19.21 melde politiet at brannen var sløkt. Brannvesenet sende inn røykdykkarar for å ventilere ut røyken frå bustaden.

– Matlaging i mikrobølgeovn hadde ført til ein god del røyk, men ikkje opne flammar, opplyser 110-sentralen.

Litt før klokka 19.30 melde politiet at brannen var sløkt.

Artikkeltags