Lindås kommune har fått mange av bygdefolket på Hjelmås og Leiknes på nakken. Årsaka er at kommunen ikkje vil tillata at det vert nytt alkohol i den nye storstova, korkje under konsertar, revyar eller lukka lag. Under formannskapet torsdag troppa fleire opp og viste si misnøye.

Bakgrunnen for alkonekten er at kommunen har nedfelt i ein alkoholpolitisk plan at det ikkje skal vere tillate med alkohol i skulebygg. Den nye storstova på Leiknes er av administrasjonen i kommunen rekna som eit skulebygg.

Dette skaper no protestar blant bygdefolket. Dei har samla inn heile 1,7 millionar kroner for å bidra til at den nye storstova vart reist. Utan desse midlane er det tvilsomt om hallen hadde sett dagens lys. Bygdefolket meiner difor det er heilt på sin plass at dei kan nyte alkohol i samband med private tilstellingar.

 

I dei andre hallane i Lindås, Nordhordlandshallen og Lindåshallen, blir det titt og ofte opna for alkoholservering. Det er difor forståeleg at dei no reagerer på Hjelmås og Leiknes og krev lik praksis der.

Vi meiner Lindås kommune har seg sjølv å takke i denne saka. Her har kommunen vore altfor utydeleg frå start om kva som ville bli retningslinjene. Rådmann Ørjan Raknes Forthun har også langt på vei erkjent at kommunen har gjort eit slett handverk her.

Eit sentralt spørsmål er om kommunen har halde bygda for narr? Ville innbyggjarane ha opna lommeboka i like stort monn om dei på førehand visste at det ikkje ville bli tillate med alkoholservering? Det er heller tvilsomt, det stadfestar og fleire av bygdefolket overfor Avisa Nordhordland.

Vi meiner kommunen må ta til seg kritikken og gjere ei grundig vurdering av denne saka. Den nye fleirbrukshallen har fått namnet «Storstova», i det ligg det at den skal brukast til meir enn idrett. Når bygdefolket har bidratt i så stort monn, bør også det leggast til grunn. 

Lindås kommune, både politikarar og administrasjon, bør difor sjå på saka på nytt og komme fram til retningslinjer som kan opne for alkohol når dette ikkje kjem i konflikt med det som skal skje på skulen.

Opplæringslova opnar for at det er lov for å nyta alkohol i slike bygg. No er det opp til det politiske fleirtalet i Lindås å avgjera om bygdefolket på Leiknes får drikka alkohol i storstova si eller ikkje i framtida.