Bibelmaraton 80 timar i strekk

SAMLAST OM  BIBELEN: Frå venstre: Geir Øy, Torbjørn Sæle, Cecilie Grøtveit og Helge Hitland ønskjer velkommen til eit 80-timars langt Bibelmaraton i Knarvik kyrkje. Foto: Pressefoto

SAMLAST OM BIBELEN: Frå venstre: Geir Øy, Torbjørn Sæle, Cecilie Grøtveit og Helge Hitland ønskjer velkommen til eit 80-timars langt Bibelmaraton i Knarvik kyrkje. Foto: Pressefoto

Av

I beste ekstremsport-stil blir det bibelmaraton i Knarvik kyrkje 16.-20. november.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

I løpet av 80 timar i strekk skal Bibelen lesast høgt frå første til siste vers. Eit breitt spekter av lokale krefter er mellom dei mange tekstlesarane når startskotet går for årets kyrkjelege maraton.

Knarvik kyrkje vil vera open heile døgnet desse nesten fire dagane med kontinuerleg lesing gjennom Bibelens 66 bøker.Fleire hundre store og små bibellesarar skal i aksjon døgnet rundt under bibelmaratonen.

Knarvik-prestane Geir Øy og Torbjørn Sæle har tatt initiativ til maratonen, og dei har fått mange med på laget. Representantar frå mange ulike kyrkjelydar i alle aldrar, politikarar, idrettsfolk og skodespelarar vil alle ta sin etappe i Bibel-stafetten. Framleis er det plass for å vera med og lesa, særleg på dei litt ukurante tidspunkta av døgnet.

LES OGSÅ: Dramatisk og vakkert om St. Sunniva

Verdas mest selde bok

Det er fleire gode grunnar til at det no blir bibelmaraton i Knarvik kyrkje. Bibelen er den mest selde boka i verda, og i år feirar Det Norske Bibelselskap 200-års jubileum. Inspirert av høgtlesing gjennom heile Bibelen i Oslo tidlegare i år, er det no klart for tilsvarande ekstremsport i Knarvik kyrkje.

– Vi er glade for å få Hans Johan Sagrusten i Bibelselskapet over frå Oslo til å ha eit ope ettermiddagsseminar i kyrkja tysdag 1. november. Det blir som ein prolog til maratonen, seier Geir Øy.

Sagrusten har jobba med omsetjinga av Bibel 2011 og skrive to bøker om dette arbeidet med tittelen Det store puslespillet. I Knarvik vil presten inspirera til bibellesing gjennom eit populærteologisk foredrag.

– Det er ikkje alltid så lett å få tid til å lesa i Bibelen på eiga hand i ein for mange travel kvardag. Når vi gjer det saman og når andre les for deg kan det vera ein god moglegheit til å få høyra både kjende og ukjende historier frå ei bok som rommar heile livet – og vel så det, seier Torbjørn Sæle.

LES OGSÅ: Forsont med skjebnen

Ordførarar les teksten

Under opninga av bibelmaratonen onsdag 16. november kl.19.00 vil ordførarane i Lindås og Meland vera med saman med andre lokale representantar frå kyrkje, skule, kultur og idrett.

Undervegs i Bibelmaratonen vil det bli «drikkepausar» med anna påfyll, ikkje berre kaffi og vaflar som blir servert i kyrkja på ettermiddag og kveldstid. I løpet av maratonen vil Alversund kammerkor og andre musikk-krefter vera i sving, det vert bibelforteljing og eit opplegg i Knarvik senter laurdagen.

–  Men mest av alt handlar det om å lesa, vers for vers, bok for bok, minutt for minutt, seier Geir Øy, som sjølv  har sprunge fleire maratonløp. Men dei fleste av oss gjer seg ikkje ut på slik «ekstremsport».

LES OGSÅ: Nært, vakkert og tankevekkande

– Her hoppar vi i det og veit ikkje akkurat kor lang tid det vil ta. Men vi reknar med det vil gå rundt 80 timar å lesa gjennom heile Bibelen, og vi satsar på å koma velberga i mål, seier Knarvik-prestane. Planen er å avslutta bibellesinga under gudstenesta i Knarvik kyrkje søndag 20. november kl. 11.

Artikkeltags