Auka farten til 130 km/t for å sjekke om sivilt politi låg bak i tunnel

Råkøyringa der den unge mannen mista lappen skjedde i Eikefettunnelen. Arkivfoto

Råkøyringa der den unge mannen mista lappen skjedde i Eikefettunnelen. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Då rauk lappen igjen for mannen i begynnelsen av 20-åra.

DEL

Det var i Eikefettunnelen på E39 ein ung mann i begynnelsen av 20-åra torsdag gjorde noko han truleg vil angre lenge på.

For å sjekke om det var sivilt politi som låg bak, skal mannen ha auka farten opp til 130 km/t i 80-sona!

Sivilt politi var det, og dei lot sjølvsagt ikkje råkøyraren slippe unna. Dermed mista den unge sjåføren lappen - for andre gong. 

– Dette var ein kar i begynnelsen av 20-åra. Han vart målt til 130 km/t i 80-sona og mista førarkortet. Han hadde nettopp fått førarkortet igjen etter å ha mista det tidlegare, seier lensmann i Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell Idar Vangberg.

Etter det Avisa Nordhordland erfarer var dette ei gjennomsnittsmåling. På det høgaste skal farten ha vore opp mot 150-160 km/t.

I 12.30-tida torsdag hadde ikkje Vangberg fleire detaljar om det spesielle hendingsforløpet då episoden nyleg var registrert i politiloggen.

– Han har truleg uttalt seg slik, men omstendigheitene her må etterforskninga vise, seier Vangberg, som antek at det var UP som ferska den unge råkøyraren.

Syndaren må no førebu seg på ein tur i retten. Normal straff for 130 km/t i 80-sona er 10 000 kroner i bot, fengsel på vilkår og inndraging av førarkortet i fem til åtte månader. Sidan dette var andre gongen førarkortet rauk, risikerer den unge mannen strengare straff.

Artikkeltags