Eikanger-Bjørsvik er europameistrar i brass!

Heile Eikanger-Bjørsvik med det synlege beviset på at dei er det beste brasskorpset i Europa. Foto: Eikanger Bjørsvik

Heile Eikanger-Bjørsvik med det synlege beviset på at dei er det beste brasskorpset i Europa. Foto: Eikanger Bjørsvik Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Gjekk heilt til topps under EM i Belgia laurdag.

DEL

Resultatet vart klart laurdag kort tid før midnatt.

«European Champions 2017! 28 years has gone since last time - it feels great», skriv bandet på sin Instagram-profil eikangerbjorsvik.

– Eikanger-Bjørsvik sine to framføringar vil bli snakka om dei neste dagane, i heile Europa, overalt, sa styreleiar Stig Ryland i si helsingstale til medlammene, ifølge Norges Musikkorps Forbund.

– Magisk framføring

Før sigeren var eit faktum, var det ein spent delegasjon frå Eikanger-Bjørsvik som venta på resultatet i Oostende. Blant dei, dirigent Reid Gilje.  

– Eg synest det var veldig flott. No spelte vi samme stykket i NM, og det var ei veldig flott og magisk framføring. Å prøve å gjenskape det er om mogleg endå vanskelegare enn å klare det ein gong. Det synest eg dei lykkast med til dei grader. I ein vanskelegare sal og med større press på seg leverer dei så utruleg frå scena, så eg er veldig stolt av korpset, ekstremt, sa Gilje til Norges Musikkorps Forbund på Facebook.

Det var imidlertid Ingar Bergby som dirigerte EBML under EM.

Ståande applaus av publikum

Laurdag spelte brassbandet det sjølvvalde stykket «Fraternity» av Thierry Deleruyelle.

Pliktnummeret fredag var «Where Angels Fly» av komponist Kevin Houben.

Etter den framføringa fekk nordhordlendingane ståande applaus i Belgia.

Etter dei to framføringane var EBML blant favorittane til å nå heilt til topps. Og kort tid før midnatt kunne jubelen bryte laus. Då var det klart at nordhordlendingane gjekk heilt til topps, to poeng føre Valaisia Brass Band frå Sveits og Cory Band frå Wales på 2. og 3. plass. 

Ordføraren: – Gullet kom endeleg heim

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes har allereie gratulert på sin eigen Facebook-profil:

«JAAAA. Eikanger - Bjørsvik Musikklag vann brass EM. GULLET kom endeleg heim. Gratulerer mine vener. Fantastisk . Velkommen heim», skriv Aarhus Byrknes.

Eikanger Bjørsvik si eiga Facebook-side strøymer gratulasjonane på.

No er det fest

Eikanger-Bjørsvik Musikklag er Norges mestvinnande brassband med 17 NM-titlar, og korpset har heilt sidan starten i 1949 vore eit av Europas leiande brassband.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag har deltatt i EM for brassband 20 gonger og har heile ni topp-tre-plasseringer. Korpset har vunne EM to gonger i 1988 og 1989. Med årets siger i boks er hattricket endeleg eit faktum.

Dermed blir det nok fest ut i dei seine nattetimar i Belgia...

Europameistrane flyr heim i morgon ettermiddag og kan nok vente seg ei festleg mottaking på Flesland.

Avisa Nordhordland gratulerer med EM-sigeren!

Artikkeltags