Difor går Medaasprisen 2018 til «ein Frogner-gut som syng på riksmål»: – Eit handslag til hovudstaden

Av

Mange ønskjer å få med seg årets Medaaspris-konsert på Den Nationale Scene. – Salongen fyllest opp! Eg trur folk ser at dette er ei utdeling heilt i Ivar’n si ånd, seier Claus Sellevoll.

DEL

29. oktober vert årets Medaaspris delt ut til Lars Lillo-Stenberg. Prisvinnaren kvitterer med nokre av sine mest kjende songar, men han er ikkje åleine på scena denne kvelden. Odd Nordstoga og Sigrid Moldestad er to tidlegare mottakarar av Medaasprisen som vil vere med å hylla årets vinnar.

– I år ville Ivar Medaas fylt 80 år. Det gjer oss eit fint høve til å spegla fleire sider ved han. Han spelte inn langt fleire songar enn «Gamle dampen», og alle er ikkje like kjende, seier Claus Sellevoll.

«Frogner-gut som syng på riksmål»

Ivar Medaas hadde nok syntest svært godt om å sjå humoristen Finn Tokvam på scena.

– Vi gler oss òg veldig til å ta imot Sylfest Lomheim, språkorakelet frå Sogn. Han kan kanskje medverka til å kasta eit litt anna ljos over spelemannen og gjøglaren frå Alversund.

Stas vert det dessutan å introdusera Sara Helen Romarheim, det 19 år gamle stortalentet frå Hjelmås, på ei stor bergensscene.

Medaasprisen har også tidlegare vore delt ut til artistar frå andre landsdelar. Men å gje prisen til ein Frogner-gut som syng på riksmål?

– Medaasprisen var aldri tenkt å vera ein rein nynorskpris. Prisen skal hylla ein artist som gjer sitt eige språk og sin identitet til ein viktig del av eit kunstnarleg uttrykk. Vi meiner at Lars Lillo-Stenberg gjennom mange år har lukkast særleg godt med dette, svarar Claus Sellevoll, som leiar styret bak Medaasprisen.

For tidleg for Bergen

Han peikar òg på at Oslo betydde mykje for Ivar Medaas.

– Han var ikkje gamle karen då han drog austover for å gå på vinterlandbruksskulen i Oslo. Han debuterte på Chat Noir, og i 1963 tok han hardingfela med seg på scena. Han vart ein braksuksess. Etter fleire år vende han heim, men hovudstaden hadde alltid ein særleg plass i hjarta til Ivar.

– Men Ivar Medaas vart vel ein nasjonal figur, med songar som alle kjende godt?

– Ja, og ikkje minst vart han snart omfamna av både strilar og bergensarar. Men det var nok rett, som Bergens Tidende ein gong skreiv, at tidleg på 1960-talet «var ikkje revymiljøet i Bergen kome langt nok til at dei våga satsa på ein stril frå Alversund».

Artikkeltags