Dei har samarbeidd og vore vener i 15 år: No skal Rune og Inger Johanne lage sin første CD saman

Rune Alver og Inger Johanne Ektvedt er klar for si første CD-innspeling saman. I dag har dei konsert i lag i Bergen Pianoforretning sine lokale i Komediebakken i Bergen. Arkivfoto: Morten Sæle

Rune Alver og Inger Johanne Ektvedt er klar for si første CD-innspeling saman. I dag har dei konsert i lag i Bergen Pianoforretning sine lokale i Komediebakken i Bergen. Arkivfoto: Morten Sæle

Av

Rune Alver og Inger Johanne Ektvedt er klar for si første CD-innspeling saman.

DEL

Laurdag har dei konsert i lag i Bergen Pianoforretning sine lokale i Komediebakken i Bergen. Her har Inger Johanne Ektvedt og mannen Roar kjøpt ikkje mindre enn elleve flygel og gitt til til kyrkjer og forsamlingshus i Nordhordland.

Etter 15 års samarbeid og venskap, også som lærer og elev, er Inger Johanne Ektvedt og vår anerkjende pianist Rune Alver snart klare for å gjera sin første CD-innspeling saman. På konserten laurdag ettermiddag spelar dei mellom anna verk av Brahms og Grieg.

– Det blir ein presentasjon av musikken som kjem på CD-en, fortel dei på facebook.

Det blir også ei eiga avdeling med Rune Alver åleine ved flygelet. Inger Johanne og mannen Roar Ektvedt har gjennom mange år vist eit utruleg engasjement for kultur og musikk.

Gjennom donasjonar, blant anna av ikkje mindre enn 13 flygel (11 i Nordhordland), og utrøytteleg arbeid gjennom lag og foreningar, har dei fått musikken til å blomstra rundt seg. Denne ettermiddagen skal tilhøyrarane få oppleva eit like djupt og intenst engasjement - i tonar og eige spel.

Inger Johanne Ektvedt har sjølv innvigd alle instrumenta ho har gitt.

– Dette skal markerast no med det aller beste av alle dei firhendige musikkstykka som Inger Johanne har lært i løpet av desse 13 flygelinnviingane. Det blir fint, skriv Rune Alver på Facebook.

Artikkeltags