Refsa samanslåingsprosessen i Nordhordland

Artikkelen er over 4 år gammel

Morten Klementsen i partiet Bygdelista Folkeviljen stemplar prosessen om kommunesamanslåing for maktarroganse. Høyr NRK-debatten her.

DEL

Debatten om kommunesamanslåing i Nordhordland tilspissar seg. No er det sjølve prosessen det handlar om.

Mandag stilte Morten Klementsen frå partiet Bygdelista Folkeviljen til radiodebatt mot Ap-ordførar Øyvind Helland Oddekalv på «Hordaland i dag» på NRK P1 leia av Oddgeir Øystese.

Du kan høyra heile debatten mellom Meland-politikarane i podcasten øverst i denne saka. Dette er godkjent av NRK Hordaland.

Bli med i debatten på Avisa Nordhordland si Facebookside

Morten Klementsen i Bygdelista Folkeviljen er kritisk til prosessen som har vore rundt kommunesamanslåing og hevdar folk flest ikkje blir tatt omsyn til. Arkivfoto

Morten Klementsen i Bygdelista Folkeviljen er kritisk til prosessen som har vore rundt kommunesamanslåing og hevdar folk flest ikkje blir tatt omsyn til. Arkivfoto

– Maktarroganse

Klementsen meiner heile prosessen er feil. 

– Eg synes sjølve prosessen har vore veldig dårleg, seier Morten Klementsen i debatten.  

Han kallar det heile for maktarroganse og hevdar å ha støtte blant folk flest.

– Folk eg snakkar med meiner dette faktisk er maktarroganse. Når vi for eksempel veit at politikarar og politiske parti ikkje vil følje folkeviljen, blir det ikkje så gøy for Marta og Per å ta turen til stemmelokala i mai dersom dei ser at dette ikkje nyttar likevel, seier Klementsen, som ikkje legg skjul på at han er nei-mann.

LES OGSÅ: Alt om kommunesamanslåing i Nordhordland

– Høyrer ikkje på folkeviljen

Ordførar Øyvind Helland Oddekalv avviser at han sjølv og forhandlingsutvalet har lagt opp til ein prosess som er eit spel for galleriet.

Meland-ordførar Øyvind Helland Oddekalv avviser kritikken frå Morten Klementsen og viser til at forhandlingsutvalet gjer den jobben dei er forplikta til gjennom demokratiske vedtak. Arkivfoto

Meland-ordførar Øyvind Helland Oddekalv avviser kritikken frå Morten Klementsen og viser til at forhandlingsutvalet gjer den jobben dei er forplikta til gjennom demokratiske vedtak. Arkivfoto

– Nei, det er det langt i frå. Forhandlingsutvala i dei ulike kommunane har forhandla slik dei har fått beskjed om av ganske store fleirtal i dei ulike kommunestyra. Vi har også eit klart vedtak i kommunestyret (i Meland, journ. anm.) om at saka skal ut på folkemøter og ut på høyring, så skal det vera ei rådgjevande folkerøysting 23. mai. Deretter det det kommunestyret som skal fatta endeleg vedtak, og det skjer 22. juni, seier Oddekalv.

Før han legg til følgande stikk mot Klementsen:

– Eg vil berre sei til Klementsen at det er vel veldig få som har vore så tydeleg tidleg på kva dei meiner om saka, så om nokon ikkje har høyrt på folkeviljen, trur eg han er ein av dei, uttalte Meland-ordføraren og fekk høg latter som svar frå sin politiske motstandar.

LES OGSÅ: Skriv lesarinnlegg til Avisa Nordhordland her

Mange prosessar

Som kjent har det foregått ei rekke ulike forhandlingsprosessar om samanslåing. Arbeidet har blitt intensivert etter nyttår i tråd med føringane frå kommunaldepartementet og regjeringa. 

Dei tre viktigaste prosessane i Nordhordland har vore:

  • Det har blitt forhandla om samanslåing mellom Lindås, Radøy og Meland. Her er forhandlingsutvala samde om ein intensjonsavtale. Lindås og Radøy skal høyra folk gjennom ei opinionsundersøking, mens Meland har vedtak om folkerøysting. 
     
  • Det har blitt forhandla om samanslåing mellom alle kommunane i Nordhordland: Lindås, Radøy, Meland, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Gulen og Modalen. Her er forhandlingsutvalet samde om ein intensjonsavtale på papiret, men fleire ordførarar frårår sine eigne innbyggarar å gå for den.
     
  • Gulen og Masfjorden er med unntak av eitt ord samde om ein intensjonsavtale som er ute på høyring. Begge kommunane startar med folkemøter denne veka og begge er også samde om å gjennomføre folkerøysting.

Artikkeltags