– Vi i Brann bryr oss!

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Branns gatelag sprang for TV-aksjonen på Knarvikmila.

DEL

Tradisjon tru er det eit stafettlag på Knarvikmila som spring for TV-aksjonen. I år var det Brann sitt gatelag som sprang den fem kilometer lange løypa med eit medisinskrin som stafettpinne. Formålet er å skape blest og oppmerksomhet rundt aksjonen.

LES OGSÅ: For eit år sidan var han utslått av kreft, tirsdag sprang han 5 km på 22.48

– Eg synest dette er fantastisk. Dette er ein fin ting for oss på gatelaget å gje tilbake til samfunnet, seier Fredrik Negard til BA, som sprang den éin kilometer lange ankeretappen for Brann sitt gatelag.

Bildeserie: Damene på Ozonlaget stal showet - sjå stor bildeserie frå YT-stafetten

– Det føltes lengre. Eg trur eg begynte hardt, og det er lenge sidan eg har løpt på denne måten. På kondisjonen har eg mykje å gå på enno, sa ein sliten Negard etter målgang.

LES OGSÅ: Adrian (6) sprang ifrå dei treige damene

Linn Espeland, leiar for samfunnsansvar for SK Brann, var saman med laget på Knarvik Stadion.

– Vi i Brann bryr oss! Det er heilt riktig at gatelaget spring for TV-aksjonen i år, seier Espeland.

Midlane frå årets TV-aksjon går til å styrke Røde Kors sitt arbeid til sivile ofre i krig og konflikter. Årets TV-aksjon går av stabelen 23. oktober.

Sjå alle resultat her (ekstern lenke).

Artikkeltags