(Hardanger Folkeblad): På si offisielle facebookside takkar Lothepus for alle som har sendt han fine meldingar dei siste dagane. Denne veka vart det kjendt at Lothe måtte operera stemmebandet for å hindra utvikling av strupekreft.

– Tusen takk til alle som har sendt meg fine meldingar dei siste dagane. Operasjonen gjekk fint og legane er positive. Takk til dei på Haukeland som tok godt vare på meg. Får vel prøva å slutta å røyka no då, skriv han fredag.

Lothe har ifølgje BA fått taleforbod, og beskjed om å stumpa røyken.

Fredag 19. oktober skulle Lothepus eigentleg komme til Nordhordland, nærmare bestemt Knarvik senter i forbindelse med opning av den tradisjonsrike Ullveka. Lothepus skulle slå av ein prat med folk og signere si siste strikkebok hos bokhandlar Norli i senteret.

No er det derimot klart at Lothepus må avlyse Knarvik-besøket grunna operasjonen. Det stadfestar butikksjef for Norli, Nils Frøseth, overfor Avisa Nordhordland.