Her får turgruppa i Nordhordland Røde Kors 40.000 kr

Innkasserte sjekken: Asmait Mengstab Weldegebriel, Biniam Tekia Kidane, Aklilu Solomon Zemechael og Lillian Bondevik i turgruppa til Nordhordland Røde Kors saman med senterleiar Åge Torsvik (t.v.) og bokhandlar Nils Frøseth i Norli. Foto: Trond Roger Nydal

Innkasserte sjekken: Asmait Mengstab Weldegebriel, Biniam Tekia Kidane, Aklilu Solomon Zemechael og Lillian Bondevik i turgruppa til Nordhordland Røde Kors saman med senterleiar Åge Torsvik (t.v.) og bokhandlar Nils Frøseth i Norli. Foto: Trond Roger Nydal

Artikkelen er over 2 år gammel

– Dette var gledeleg, no blir det meir aktivitet, jublar Lillian Bondevik etter å ha mottatt 40.000 kroner frå aksjonen «Nordhordland bryr seg».  

DEL

– Det var kjempekjekt å bli utvald og få denne meldinga. No får vi litt blest om prosjektet vårt, og det er viktig for vi treng endå fleire frivillige. Kanskje får vi fleire no.

Det seier Lillian Bondevik i Nordhordland Røde Kors. Ho er aktivitetsleiar i prosjektet «Ut på tur», eit integreringstiltak for alle som ønsker å lære seg norsk og komme meir inn i lokalsamfunnet i Nordhordland.

– Kva betyr 40 000 kroner for dykk?

– Det betyr kjempemykje! Vi får moglegheit til å arrangere fleire aktivitetar og etablere fleire møteplassar. Vi kjem sikkert til å bruke ein del meir pengar til transport, leige bussar og gjere fleire fellesting i lag. Det er det vi har tenkt. Fleire kan dermed nytte tilboda våre, seier Bondevik.

Sal av bøker og postkort

«Nordhordland bryr seg»-aksjonen har vore eit velgjerande prosjekt som har gått det siste halvtanna året.

Bak prosjektet står bokhandlar Nils Frøseth og Norli, Knarvik senter, Lindås kommune og ei rekke lokale forfattarar.

Dei har selt bøker og postkort på Norli i senteret. Ein del av inntektene skulle delast ut til eit velgjerande lag eller ein organisasjon lokalt.

Til slutt kom potten opp i 40. 000 kroner. Desse skulle gå til éin vinnar – som no har fått overrekt den symbolske sjekken på at pengane er på veg inn på konto.

Dette er Ut på tur i Røde Kors

  • Røde Kors Ut på Tur i Nordhordland si målsetjing er å skapa ein møtestad for integrering, språktrening og fysisk aktivitet.
     
  • Frivillige turvenner og innvandrarar møtast for å gå på tur saman, ein gong i veka. Når ein går på tur og pratar saman vil norsktrening og trim gå hand i hand. Vennskap og kjennskap vert etablert, og ein skapar positiv merksemd om integreringsabeidet i lokalmiljøet.
     
  • Målgruppa for aktiviteten er vaksne innvandrarar i Nordhordland som ynskjer å få trening i det norske språket. Tilbodet er ope for alle som har behov for å øva på og bruka det norske språket, og som kjenner at dette tilbodet kan gje dei ein betre kvardag i det norske samfunn.

Kjelde: www.nhrk.no

– Veldig kjekt for oss å kunne gje desse pengane til Nordhordland Røde Kors og Ut på tur-gruppa. Dei gjer ein verdifull jobb og er ein verdig vinnar, seier Frøseth til Avisa Nordhordland.

Røde Kors har etablert to turgrupper, ei på Manger og ei i Lindås og Meland. Ein gong i veka går dei turar i nærområdet. Lokale eldsjeler saman med innvandrarar som har komme til Nordhordland.

– Vi har både norske og det vi kallar for «nynorske». Målet er språktrening, fysisk aktivitet og integrering, seier Bondevik.

– Norsk kultur og språk

Turprosjektet vart starta hausten 2015, då det var mykje fokus på flyktningekrisa.

Dei er også ein del av eit nasjonalt prosjekt i regi Nordhordland Røde Kors som arrangerer årlege turar til toppen av Galdøpiggen. Der har nordhordlendingane vore med dei to siste åra.

– I år reiste vi 19, i fjor var vi 50 på Galdhøpiggen, seier ho.

Vi får bli kjent med nordmenn, lærer kulturen og snakkar norsk.

Asmait, Biniam og Aklilu. Eritrearar i Ut på tur-gruppa

Med 40.000 friske kroner på veg inn på konto er prosjektet sikra meir aktivitet framover.

Tre av dei faste deltakarane er Biniam, Aklilu og Asmait frå Eritrea. Dei har alle budd i Nordhordland i tre-fire år.

– Dette prosjektet er veldig bra for oss. Vi får bli kjent med nordmenn, lærer kulturen og snakkar norsk, seier dei – sjølvsagt på norsk.

Vil ha fleire yngre

Dei fortel at det på turar er mykje lettare å bli kjende med folk, og det blir naturleg å kommunisere på norsk. No håpar dei endå fleire på deira eigen alder får auga opp for tiltaket.

– Vi håpar fleire yngre på vår eigen alder også melder seg på.

– Du lærer mykje norsk og får vener, seier dei.

– Alle kan vere med, så lenge ein har eit ønske om å lære språket, seier Bondevik.

Artikkeltags