Senkveld-Harald kjem til Knarvik

Senkveld-Harald skal coache næringslivet i Nordhordland for å bli modigare i vala sine. Foto: NTB Scanpix

Senkveld-Harald skal coache næringslivet i Nordhordland for å bli modigare i vala sine. Foto: NTB Scanpix

Artikkelen er over 3 år gammel

Industriutvikling Vest hentar inn Senkveld-Harald for å få næringslivet til å bli modigare.

DEL

Rønneberg er henta inn til ei samling i regi Industriutvikling Vest tysdag 15. november.

– Då vil han fortelje om å utfordre seg sjølv, få større sjølvtillit ved å sprenge grenser og vere meir dristig i sine val, seier Børge Brundtland, dagleg leiar i Industriutvikling Vest.

Konseptet byggjer på «Harald gjer ting han ikkje kan» i Senkveld. Samlinga er lagt til IUV si heimebane, Dampen i Knarvik.

LES OGSÅ: Senkveld-Harald klaga på sensur - brukte nakenbilde av lokal fotograf

Tema for heile samlinga er «Modigare val». I tillegg til Rønneberg kjem Northern & Co på Fedje ved dagleg leiar Tone Irgens for å fortelle om suksessen til mikrobryggeriet.

Per Steinar Osmundnes frå Tysse Mekaniske Verksteder på Osterøy skal også fortelje om omstillingstiltak bedrifta har gjort for å styrke sin marknadsposisjon og få betre økonomisk resultat.

– Allereie er godt over 100 personar påmelde, det er endå plass til fleire, seier Brundtland.

Artikkeltags