(Firda): Landbruksministeren møter onsdag bondeorganisasjonane og besøkjer ein gard på Kløfta saman med statsminister Erna Solberg (H). Der vil bøndene igjen be om ei krisepakke frå staten.

Men allereie onsdag morgon seier Dale at dette førebels er uaktuelt.

– Vi må vente til vi ser korleis avlingane faktisk blir. Vi har ein veldig god avlingsskadeerstatningsordning, og den kjem til å bli ytterlegare belasta, men ei særeigen krisepakke er ikkje aktuelt på noverande tidspunkt, seier Dale til NRK.

Dale seier regjeringa allereie har gjort ei rad grep for å betre situasjonen for bøndene, og trekkjer fram importen av fôr.