Astrid Aarhus Byrknes vil ut av fylkespolitikken

Astrid Aarhus Byrknes vil ikkje halde fram i fylkespolitikken etter neste val.

Astrid Aarhus Byrknes vil ikkje halde fram i fylkespolitikken etter neste val. Foto:

Seier nei til renominasjon i nye Vestland fylke.

DEL

Det skriv Astrid Aarhus Byrknes på sin eigen Facebook-profil måndag kveld. 

– Etter ei grundig vurdering, har eg i dag svara nominasjonsnemnda for fylkespolitikken, altså Vestland KrF, at eg ikkje ønsker renominasjon, skriv Arhus Byrknes.

Meldinga til den profilerte Lindås-ordføraren, som også har vore vara på Stortinget for KrF, kjem dagen etter at Pål Kårbø, partifelle og fylkesvaraordførar i Hordaland, kom med sjokkbeskjeden om at han melder seg ut av KrF og skiftar parti til Høgre.

Aarhus Byrknes understrekar at hennar avgjerd er ei sjølvstendig vurdering og ikkje har noko med KrF sine problem i forhold til regjeringspørsmål og låg oppslutnad å gjere. 

– Dette har ingenting med KrF sentralt å gjere, heller ikkje med Pål Kårbø si utmelding å gjere, men mi vurdering av kva eg skal prioritere framover, skriv ho vidare.

– Det er lærerikt og spennande i fylkespolitikken, men det er ei tid for alt, seier ho.

Om eitt år er det kommuneval, som blir ekstra spennande i Nordhordland der Lindås, Meland og Radøy slår seg saman til Alver. Valresultatet då vil avgjere kven som får makta i den nye storkommunen.

– Ellers er eg i stor tankeprosess om andre ting, og har ikkje tatt stilling til om eg er aktuell for Alver KrF. Men følg med, følg med, skriv ho på sin eigen Facebook-profil.

Artikkeltags