Boka som kom ut i haust vart stilt ut på Drafnia 2016, ein regional frimerkeutstilling i Drammen i regi av Drammens filatelist-klub.

Audun Hanstveit var til stades på utstillinga, og tok i mot prisen, forgylt sølvmedalje og Norsk filatelistforbunds ærespris.

– Det var ei oppleving. Å vera der å få oppleva at over 100 andre likesinna får vita at den vesle klubben vår har oppnådd dette er det gjævt, seier Hanstveit.

– Dette viser at det er ikkje berre dei store klubbane på Austlandet som kan få det til.

I sin tilbakemelding seier juryen at det er «Ein strålande gjennomført bok, eit eksempel for andre».

– Vi er litt stolte no seier dei tre.

Hanstveit fortel at den internasjonale dommaren kom med gode tilbakemeldingar etter utdelinga.

– Det var første gong i hans lange karriere at han hadde delt ut den høgaste prisen til ei bok, fortel han.