To nye kommunarar innfører forbod mot open eld

Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix

Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Gulen og Masfjorden med strakstiltak.

DEL

Det er innført forbod mot open eld i Gulen og Masfjorden med omgåande verknad.

– Det er generelt veldig tørt, og med varsel om aukande vind, vågar eg ikkje venta lenger, seier brannsjef Sigvald Kvinge til Avisa Nordhordland.

Det er difor innført forbod mot open eld i begge kommunane frå no og inntil vidare.

– Forbodet gjeld all bruk av open eld, presiserer brannsjefen.

Forbodet vil gjelda til det kjem vêromslag med tilstrekkeleg nedbør.

I helga var det grasbrann på Radøy, og kommunen reagerte då kjapt med å innføra forbod mot open eld.

Deretter innførte Lindås, Meland og Austrheim totalforbod mot open eld.

Dermed er Fedje og Modalen dei einaste kommunane i Nordhordland der open eld framleis er lovleg.

Artikkeltags