Stor juletrafikk nordover på E39: Ventetid på Lavik - Oppedal

30 minutt ventetid på ferjesambandet Lavik - Oppedal.

DEL

Det er mykje trafikk nordover på E39 laurdag ettermiddag. Det fører til at ferjene på sambandet Lavik - Oppedal har problem med å ta unna trafikken.

Vegtrafikksentralen vest melder i 14.30-tida at det er mykje trafikk frå Oppedal og at bilistar må rekne med ca. 30 minutt ventetid for å komme over Sognefjorden.

Vi oppmodar alle som skal ut på vegane om å køyre forsiktig og ikkje ta unødvendig risiko.

Har du tips til oss i juletrafikken? Ta kontakt på vår vakttelefon 916 26 916 eller send SMS med kodeord «NHTIPS» til 2005.

Artikkeltags