Redusert kapasitet på ferjesamband tysdag morgon

Artikkelen er over 1 år gammel

Farleg last på Leirvåg - Sløvåg-ferja.

DEL

Fleire avgangar på ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg har gått med redusert kapasitet i det siste på grunn av transport av farleg last.

Det blir det også i morgon tysdag. Då blir det redusert kapasitet på avgangen klokka 09.15 frå Leirvåg. Det er då tillate maksimum 25 passasjerar.

Det er ferja MS «Melderskin» som trafikkerer sambandet.

Måndag formiddag var den ute av drift ein kort periode, årsaka var ein elektrisk feil i maskinkontrollrommet.

Artikkeltags