– Me la inn ei anna setning som heiter «administrative funksjonar innan helse» i punkt seks og gjorde nokre endringar i skjemaet det har vore konflikt om, seier Masfjorden-ordførar Karstein Totland (H) til Avisa Nordhordland.

Heile konflikta mellom Gulen og Masforden bunna ut i krangel rundt eitt ord. I avtalen stod det mellom anna «til dagens Gulen kommune SKAL ein legge tenester knytt til m.a. helse/barnevern/PPT/PU o.l.» Det rette skulle ifølge Masfjorden vera kan, men det vart ikkje retta opp i før denne veka.

LES OGSÅ: Er det SKAL eller KAN som gjeld?

Gjekk fort i svingane

Totland seier at dei i diskusjonane seg i mellom heile tida har vore einige. Men då det vart ført på papir og lagt ut på høyring, skjedde det eit eller anna som ingen har klart å forklara, og det vart gjort endringar som skapte sur stemning mellom Gulen og Masfjorden.

Årsaka til at det vart slik var at det gjekk fort i svingane då Totland skulle rekka signeringa av intensjonsavtalen om storkommunen.

– Eg har heile tida sagt at me skal klara å verta einige, seier Totland.

Og tirsdag denne veka møttest Gulen og Masfjorden og vart einge. Avtalen er ikkje godkjent i kommunestyra enno.

– Eg fekk fullmakt til å skriva under ein avtale me meiner er god for Masfjorden, så vil kommunestyret få den i neste veke, seier Totland.

Viktige tenester blir i Gulen

– Ja, no er vi einige, stadfestar ordførarkollega Hallvard Oppedal (Sp) i Gulen. 

Også han avdramatiserer forviklingane.

– Vi var forsåvidt einige, men det var litt usikkerheit rundt sjølve skrivinga. Vi tenkte heilt likt, seier han.  

– Intensjonen vår er at legekontor og vaskekontor på sjukeheimen blir liggande der det ligg i dag. Skal du skriva kan på alt som Gulen har forhandla til seg, så sit vi ikkje att med noko, seier Oppedal.

 

No er avtalen formulert slik at det går heilt klart fram at kultur-, teknisk- og administrative tenester skal ligga i Gulen.

– Då er det heilt klart at desse tenestene ikkje er ute, seier Oppedal.

Signerte i Knarvik

Han fortel at avtalen vart signert tidlegare i veka - av alle stadar i Knarvik! Biletet vi har fått tilsendt viser at det skjedde på eit bilpanser.

– Vi måtte på nøytral grunn for å bli einige, uttaler Oppedal lattermildt.

– Fleipar du no eller var det eit faktum?

– Årsaka var at to i forhandlingsutvalet jobbar i Bergen, og då var det mest praktisk å møtest der, vedgår han. 

– Rådar du innbyggarane dine til å gå for denne avtalen?

– Eg har ikkje bestemt meg for det. Eg er i tvil, for ein oppnår ikkje det som er intensjonen med kommunereforma. Vi blir dobbelt så store i areal, men ikkje så mykje større i folketal. Eg heller mest mot at vi held fram som vi i dag, seier Oppedal.

Sak i kommunestyret

Ordføraren vil no diskutere avtalen med si eiga partigruppe i Senterpartiet. 

Deretter skal både denne intensjonsavtalen og avtalen om storkommune, som er signert tidlegare, til behandling i kommunestyret. Det skjer 28. april.

Både Gulen og Masfjorden har vedtatt folkerøysting 23. mai, i likskap med Austrheim og Meland. Lindås, Radøy og Fedje skal ikkje ha folkerøysting. 

Dette er hovedpunkta i avtalen:

  • Masfjorden får kommunesenter på Hosteland.
  • Ordførar, rådmann, kommunalsjefar og deira team skal sitta i Masfjorden. 
  • Dei kommunale einingane skal fordelast mellom dei to kommunehusa.
  • Gulen får kultur og tekniske tenester - samt tenestene knytt til helse, PPT, psykisk utviklingshemma og barnevern.
  • Eigedomsskatten skal harmoniserast. Gulen har i dag eigedomsskatt på hus og hytter, noko Masfjorden ikkje har. Begge kommunane har eigedomsskatt på verk og bruk.

– Tanken er at ein på denne måten held oppe ein god del arbeidsplassar i dei gamle rådhusa. Så skal dei andre tenestene ligge fast. Ingen skular skal leggast ned og eigedomsskatten skal harmoniserast.