Har sett inn ekstraferje på Lavik-Oppedal

Det var saktegåande kø mot Nordhordland i Vågsbotn i Åsane klokka 14. Foto: Statens Vegvesen

Det var saktegåande kø mot Nordhordland i Vågsbotn i Åsane klokka 14. Foto: Statens Vegvesen

Av og
Artikkelen er over 3 år gammel

Slik er påskeutfarten onsdag.

DEL

Det er sett inn ekstraferje på E39-sambandet Lavik - Oppedal onsdag for å avvikle all trafikken på den andre store utfartsdagen i påska.

BA melder at ekstraferja vil vere i trafikk frå klokka 14 til 2030. Utover dette er det ikkje sett i verk ekstra tiltak for å avvikla påsketrafikken.

– Vi har hatt overvaking på fylkesveg 7 frå Gullbotn og Kvamskogen. Her går det foreløpig greit. Vi følger sjølvsagt også utviklinga på E39 og E16, seier trafikkoperatør Ove Amundsen ved vegtrafikksentralen.  

Det var kø frå Vågsbotn og vidare mot Nordhodland i 14-tida, men dette ser no ut til å ha løyst seg opp.

– Trafikken går i rykk og napp. Det er ikkje stilleståande kø, men det går til tider sakte, seier Amundsen.

Fløyfjellstunnelen i Bergen var stengt ein periode tidlegare onsdag på grunn av ei fuktsperre som hang ned frå taket. Dette førte raskt til store køar i Bergen sentrum.

Artikkeltags