Ferjetrøbbel på Lavik – Oppedal

Batteriferja MF Ampere på veg til kai i Lavik. (Arkivbilete)

Batteriferja MF Ampere på veg til kai i Lavik. (Arkivbilete) Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Elferja Ampere - som går B-ruta på E39 strekninga mellom Lavik og Oppedal - er mellombels ute av trafikk grunna tekniske vanskar.

– Vi oppgraderte ladesystemet på Ampere i går og i natt, og ikkje alt har fungert optimalt etterpå. Derfor må vi gjere nokre justeringar i dag, seier Arvid Økland som er tryggleiksdirektør i reiarlaget Norled til Firda.

Økland kan ikkje seie sikkert kor lenge Ampere vert ute av drift, og oppmodar dei vegfarande om å følgje med på trafikkmeldingane på Norled si heimeside.

Artikkeltags