Ferjetrøbbel på Lavik - Oppedal

Artikkelen er over 3 år gammel

Sambandet har midlertidig operert med to ferjer søndag kveld.

DEL

Det var klokka 19.15 Norled meldte på nettsidene om tekniske problem på ei av dei tre ferjene som trafikkerer sambandet over Sognefjorden.

I ein periode vart det då avgangar kvar heile og halve time frå Lavik og Oppedal, ifølge driftsselskapet.

Norled har ved ei rekke anledningar hatt tekniske problem med batteriferja Ampere. Det er i kveld ikkje opplyst om det er denne ferja som nok ein gong er ute av drift.

Klokka 21.42 meldte Norled at sambandet ville vere i normal drift frå klokka 22.10.

Artikkeltags