Dugnadsprosjekt til 130.000 offisielt opna

NY GAPAHUK: Den nye gapahuken på Tausevika badeplass på Byrknes i Gulen er no på plass. Heile prosjektet kom på om lag 130.000 kroner, og måndag vart den oppgraderte badeplassen offisielt opna.Alle FOTO: TAUSEVIKA VEL

NY GAPAHUK: Den nye gapahuken på Tausevika badeplass på Byrknes i Gulen er no på plass. Heile prosjektet kom på om lag 130.000 kroner, og måndag vart den oppgraderte badeplassen offisielt opna.Alle FOTO: TAUSEVIKA VEL

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Den nye gapahuken på Tausevika er på plass. No er den oppgraderte badeplassen også offisielt opna.

DEL

Måndag 22.mai inviterte Tausevika Vel små og store til sesongopning av Tausevika badeplass, på Byrknes.

Vi feira at den nye gapahuken er komen på plass! Mange dugnadstimar og velvillige sponsorar har gjort at vi kunne setje opp eit bygg som gjev livd for ver og vind, og som har ein flott bålgrill som kan nyttast til matlaging og kos.

Opninga vart suksess

Heile prosjektet kom på omlag kr 130.000,- medrekna dugnadsarbeid. Gapahuken ligg flott til på badeplassen og aktivitetsområdet. Vi har og sett opp eit omkledningsskur som gjer det enkelt å skifte klede før og etter badeturen.

Mange møtte fram denne måndagen i nydeleg kveldssol. Dei nytta høvet til å slå av ein prat og smake på dei gode kakene. Dei yngste og tøffaste gjestane kosa seg i ein badetemperatur som ikkje freista like mykje for alle.

Det var spesielt populært å skli ut i sjøen frå sklia som vart sett opp i fjor. Tausevika er blitt ein sosial samlingsplass der ein kan møtast kor tid som helst, og i all slags ver!

Artikkel-forfattar Susanne Fonnes Larsen er leiar av Tausevika Vel.

Artikkeltags