Rekordutbytte: Betalar ut 15,6 millionar kroner til lokale kundar

Helge Leiro er konsernsjef i Gjensidige, som hadde eit resultat på 4,5 milliardar etter skatt i fjor. I år blir det rekordutbytte til kundane i Nordhordland. Foto: Pressefoto
Rekordutbytte for Gjensidige-kundar i Nordhordland.
Gjensidige har lang tradisjon for å betale ut delar av overskotet sitt i kundeutbytte.
I år blir det ei rekordstor utbetaling til kundar i Nordhordland. 15,6 millionar kroner skal betalast ut, det er det største beløpet nokon sinne, opplyser selskapet i ei pressemelding.
– 2017 var eit godt år for Gjensidige, og difor kan vi i år dele ut eit solid utbytte. I Gjensidige går mesteparten av utbyttet til kundane, seier konsernsjef Helge Leiro Baastad i pressemeldinga.
Der blir det opplyst at ein privatkunde i snitt får utbetalt 1624 kroner i kundeutbytte i år.
Gjensidige har 800.000 kundar på landsbasis, og dei får 2,2 milliarder kroner i kundeutbytte. Utbyttet tilsvarar omtrent 14,4 prosent av det kundane betalte i forsikring i fjor.
– Sidan vi begynte å dele overskotet med kundane, i 2007, har kundane fått over 17 milliarder kroner i kundeutbytte, seier Baastad.
Gjensidige hadde ifølge årsrapporten eit resultat på 4,5 milliardar kroner etter skatt i 2017.
15 564 162 kroner av dette blir fordelt til kundar i Nordhordland-kommunane. Under ser du fordelinga per kommune.
Kommune | Utbytte |
Meland | 2 786 495 |
Gulen | 2 307 924 |
Radøy | 1 989 600 |
Lindås | 5 899 965 |
Austrheim | 1 233 054 |
Fedje | 219 182 |
Masfjorden | 1 127 942 |
Kommentarer til denne saken