Sambandet Fedje - Sævrøy utan ferje resten av kvelden

MF Utne på sambandet Sævrøy - Fedje er innstilt resten av kvelden. Arkivfoto: Morten Sæle

MF Utne på sambandet Sævrøy - Fedje er innstilt resten av kvelden. Arkivfoto: Morten Sæle

Fedje-ferja MF «Utne» har fått tekniske problem.

DEL

Det melder ferjeselskapet Norled klokka 21.38.

«Sambandet er innstilt resten av kvelden grunna tekniske problem.», skriv dei.

Avisa Nordhordland har vore i kontakt med MF «Utne» i 22-tida torsdag kveld, men vedkommande hadde det så travelt at han ikkje hadde tid til intervju.

Den siste avgangen frå Sævrøy skulle gå klokka 21.55.

Klokka 22.13 melder Norled at dei set inn skyssbåt for å transportere over til Fedje dei som skulle med den siste ferjeavgangen.

«Det vil gå skyssbåt i sambandet inntil vidare med første avgang klokka 23.15 frå Sævrøy. Skyssbåt vil følge rutetider i morgon tidleg om ikkje problemet er løyst før det.» skriv Norled.

PS! Tips oss gjerne på vår vakttelefon 916 20 916.

Artikkeltags