Vêret blei for tøft for erstatningsferja mellom Fedje og Sævrøy

Det er MF Utne som har gått på sambandet etter at MF Fedjefjord grunnstøytte i november.

Det er MF Utne som har gått på sambandet etter at MF Fedjefjord grunnstøytte i november. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Reserveferja på Fedje-Sævrøy vart igjen innstilt torsdag morgon.

DEL

Norled melde om den siste innstillinga torsdag morgon klokka 06.54.

– Ein vil forsøke å gjenoppta ruta så snart vinden løyer, skriv Norled.

Klokka 09.48 melde Norled at sambandet blir i drift igjen frå 10.05-avgangen frå Sævrøy.

– Ein tar atterhald vedrørande vêret, og gjer oppmerksom på at sambandet igjen kan bli stengt på kort varsel, presiserer Norled.

Den siste veka før jul har vore ei skikkeleg problemveke for ferjesambandet Fedje - Sævrøy.  

Ferja vart først innstilt klokka 15.50 tysdag ettermiddag, og Norled opplyste då at  den ville ikkje starte opp att før vêret blei betre. Ferja byrja å gå att frå klokka 09.20 onsdag morgon, men Norled informerte då om at grunna vêrtilhøva kan ruta igjen bli innstilt på kort varsel. Og klokka 16.00 onsdag ettermiddag vart ferja igjen innstilt.

Innstilt tysdag

– Slik prognosane er no blir det ikkje noko ferjetrafikk i kveld, og det er førebels umuleg å seie kortid ferja kan byrje å gå i morgon tidleg. Folk må berre følge med på driftmeldingane, sa Inge André Utåker, regionsjef for ferjer i Norled til  Avisa Nordhordland tysdag kveld.

Han hadde då nett snakka med kapteinen på på ferja MF Utne, som er inne som erstatning for MF Fedjefjord.

– Det er ein god storm der ute. Vinden bles 21 meter iper sekund på det jamne og er oppe i 25 i kasta. Utne er ein lettare båt og ein meir open båt enn Fedjefjord. Kapteinen valde å gje seg, og det har eg full respekt og forståing for, seier Utåker.

Problemveke i november

I slutten av november måtte Fedje-folket vere svært tolmodige, då problem på problem gjorde at det i fleire dagar ikkje gjekk ferje på sambandet.

Det heile byrja då MF Fedjefjord grunnstøytte like ved Sævrøy kai, og MF Utne vart sett inn som erstatningsferje. Denne fekk fort problem, og måtte takast ut av drift. Då var det tomt for reserveferjer i fylket.

LES OGSÅ: Dette er problemveka oppsummert

Men MF Utne vart sett tilbake i trafikk på strekninga etter nokre dagar, og sidan er det den som har trafikkert sambandet. Denne ferja er ikkje like robus når det kjem til vêr og vind som MF Fedjefjord.

– MF Utne er bygd for same typen fartsområde som det er til Fedje. Men det er ein lettare konstruksjon, og den er ikkje like robust som Fedjefjord. Mens Fedjefjord først vil bli innstilt når det er orkan, er denne meir som andre ferjer, sa Utåker i november.

Ein yrkessjåfør gjekk ein del krassare ut, og kalla MF Utne for ein balje. snakka med kapteinen no,. det er ein god storm der ute. 21 meter på jamne, oppe i 25 i kasta. Utne er ein lettare båt, og ein open båt samanlikna med Fedjefjord. Kapteien valde å gi seg, og det har eg full respekt og forståing for.

Fedjefjord tilbake i januar

Utåker kjem tysdag kveld med ei gladmelding: MF Fedjefjord er rekna med å vere tilbake i rute midt i januar. Norled trudde først at dei måtte vente på nytt propellanlegg heilt til april, men fann no ut at dei har eit i reserve som kan brukast.

– Det kom frå Bergen i går. Det er ikkje heilt likt, men det er likt nok til at det kan brukast med nokre tilpassingar, seier Utåker.

Artikkeltags