Vel utanlandsk selskap til massiv operasjon rundt Fedje-ubåten

Dette er bilder av den tyske ubåten U-864. Foto: Kystverket/DOF Subsea

Dette er bilder av den tyske ubåten U-864. Foto: Kystverket/DOF Subsea

Artikkelen er over 3 år gammel

Kystverket går for det nederlandske selskapet Van Oord Norway AS til å bygga støttefylling rundt ubåtvraket U-864

DEL

I statsbudsjettet for 2016 vart det satt av 50 millionar kroner til arbeidet med å bygga ei støttefylling rundt ubåtvraket U-864 utanfor Fedje Fyllinga skal stabilisera skråninga under baugdelen av ubåtvraket.

LES OGSÅ: Dette får Nordhordland i statsbudsjettet

Fredag ettermiddag blei det klart at det er det nederlanskse selskapet Van Oord Norway AS som skal utføra arbeidet. Det melder Kystverket i ei pressemelding.

Kontrakta blei signert fredag. Det har vore ein offentleg anbodsprosess der altså ingen norske selskap hadde levert inn anbod.

Selskapet er etablert med kontoradresse i Oslo. I 2014 hadde selskapet driftsinntekter på 593 millionar og av det eit årsresultat på 83 millionar kroner, ifølge regnskapstall.no

−Verdsleiande

Ifølge Kystverket er det nederlanske selskapet verdsleiande på slike operasjonar.

− Det nederlandske selskapet er blant verdas leiande innan utlegging av massar på sjøbotnen og har lang erfaring med tilsvarande oppgåver i samband med offshore-industrien i Nordsjøen, skriv Kystverket i pressemeldinga.

Folket på Fedje har i åresvis kjempa for ei heving av ubåtvraket. Mange regjeringar har hatt saka på sitt bord, men ingen har slått fast at ubåten skal hevast.

Det er på grunn av kvikksølvforureining Fedje-folket krev ubåten heva. 

Miljøovervaking

Støttefyllinga må ifølge Kystverket byggast uavhengig av om ubåten skal hevast eller bli liggande på havets botn.

Av pressemeldigna går det også fram at Norsk institutt for vannforskning (NIVA) skal ta i vare miljøovervakinga under operasjonane på sjøbotnen, på vegne av Van Ooord.

− Valet av Van Oord er gjort etter ei grundig vurdering. Selskapet hadde det samla sett beste kvalitative tilbodet, seier beredsskapsdirektør i Kystverket, Johan Marius Ly, i pressemeldinga.

100 000 tonn sand

Det blei gjort nye geotekniske analysar av sjøbotnen i området rundt U-864 i 2013. Geoteknisk ekspertise har deretter konkludert med at støttefylling burde iverksettast så raskt som mogleg.

Kystverket opplyser at støttefyllinga vil bestå av om lag 100 000 tonn med sand og stein. Desse massane må leggast kontrollert og presist med eit spesialkonstruert skip for å stabilisera sjøbotnen.

Fylliinga skal ikkje ha innverknad på val av seinare miljøtak, presiserer Kystverket.

− Dette vil redusera risiko for utglidning av massar og ytterlegare spreiing av kvikksølvforurensande sedimentar og dermed trygge vidare arbeid, seier Ly.

Artikkeltags