Sluttar som assisterande rådmann - blir ny prosjektleiar

Grete A. Herøy blir ny prosjektleiar på Fedje.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Fedje har hatt mange fleire tilreisande enn tidlegare denne sommaren, og kommunen opprettar no ei eiga prosjektleiarstilling for å skape fleire tilbod innan kultur og aktivitetar for turistar.

Herøy går difor frå stillinga som assisterande rådmann, til prosjektleiarstillinga med særleg fokus på kulturtilbod til turistar.

«Det har vore ei rivande utvikling på Fedje i det siste. Kommunen satsar hardt på entreprenørskap, og berre på overnattingsida har Fedje eit heilt anna tilbod no, enn berre for få månader sidan. Dermed er det eit sterkt behov for å få etablert fleire tilbod innan kultur og aktivitetar for turistar. På grunn av den sterke auken i aktivitet ynskjer Fedje kommune å gje dette området høg prioritet», grunngjev kommunen på si eiga nettside.

Artikkeltags