– Ved hjelp av eit fartøy med ei stor luke i botnen, vinsjar oppe på dekk og ei stor ramme med stropper som vi senkar ned, vil vi klare å heve ubåten, utan at det utgjer ein trussel for havmiljøet rundt, seier styreleiar og gründer Bernt Hellesøe i Unitech.

Torsdag ettermiddag møtte han lokalbefolkninga på Fedje for å presentere noko han meiner er ein heilt ny og unik måte å hente opp den tyske ubåten på. (Sjå video)

67 tonn kvikksølv

Det er over 72 år sidan den tyske ubåten U-864 blei torpedert av ein britisk ubåt, to nautiske mil vest for Fedje.

Ubåten brakk i to delar og sank. Den var sannsynlegvis lasta med 67 tonn metallisk kvikksølv. I 2003 blei den funnen, på 150 meters djup, lasta med 1847 kvikksølvbehaldarar.

Analyser og berekningar tilseier at det lekk omkring fire kilo kvikksølv årleg frå ubåten. Forskipet ligg i ei skråning, på ustabil grunn, og utgjer ein stor trussel for havmiljøet rundt.

Ubåtfunnet har vore ei politisk hovudpine for fleire regjeringar. Over 110 millioner kroner er brukt til å utgreie kva ein skal gjere med vraket. I 2007 blei det bestemt at ubåten og området rundt skulle dekkast til.

Etter kraftig motstand snudde den sittande regjeringa, og det blei to år seinare bestemt at den skulle hevast. Året etter, i 2010, blei det bestemt at det skulle gjennomførast nye utgreiingar.

I fjor sommar vart det midlertidig etablert ei støttefylling under ubåten.

No meiner firmaet Unitech at dei har løysinga på korleis ubåten kan hevast.

– Ved hjelp ved nederlandsk ekspertise trur vi dette er fullt mogleg. Fartøyet skal heve ubåtvraket gjennom luka og inn. Sjølve fartøyet er som ein liten kjemifabrikk. Planen er at vi skal ta ut kvikksølvet og bli kvitt avfallet på ein forskriftsmessig måte. Alt skjer inne i fartøyet, seier Hellesøe.

Vil koste 1,1 milliardar

Han ser for seg at fartøyet kan legge til ved Fedje. Eit tankskip kan komme til for å ta imot avfallet, legg han til.

Å bygge fartøyet og utføre sjølve operasjon vil koste om lag 1,1 milliardar kroner.

– Hovudfinansieringa må komme frå myndigheitene om det skal bli noko av hevinga. Det som er planen vidare no er å få lokalbefolkninga og politikarane til å ha tru på ideen og prosjektet vårt, seier Hellesøe.

Han hevdar at dersom dei får finansiering på plass, kan dei heve båten i løpet av 2018/2019.

– Eg trur ikkje det blir politisk ro rundt denne saka før ubåten blir heva, seier Hellesøe.

Rundt 20 personar var tilstades på torsdagens folkemøte.

Begynner å bli lei

Ordførar Stian Herøy (H) seier at Fedje-folket begynner å bli lei saka.

– Vi har vore på fleire møter opp gjennom åra. Mange forslag om korleis ubåten skal hevast har blitt presentert. Men så langt har ingenting skjedd, seier Herøy.

Han trur ikkje den politiske ballen vil begynne å rulle igjen, sjølv om ideen til Unitech er mogleg å gjennomføre.

Herøy seier at dei fleste på Ferdje ønskar at ubåten skal hevast, men i dei siste åra har engasjementet falle.

– Det viktigaste for oss no er at vi får ei løysing. Det beste er sjølvsagt å få fjerna kvikksølvet. Det vil gi oss tryggleik. Men slik saka står no, virkar det ikkje som Stortinget kjem til å ta ei avgjerd med det aller første, seier Herøy.

Sikringsarbeid gjennomført

Det siste som er blitt gjort med Fedje-ubåten, er at ei støttefylling har stabilisert området og redusert risikoen for utgliding av massar. Om lag 200.000 tonn med reine massar er blitt lagt ut med spesialutstyr, og ifølge foreløpige miljøundersøkingar har dette skjedd utan oppvirvling og spreiing av kvikksølv, opplyser Kystverket.

– Støttefyllinga medfører ingen begrensningAr for vidare arbeid med vrakdelar og sedimenter. Arbeid kan no gjennomførast utan overhengande fare for ras og spreiing av kvikksølvforurensning, seier prosjektleiar Hans Petter Mortensholm.

Dette sikringsarbeidet måtte gjennomførast uavhengig av kva hovud­tiltak som blir valt for U-864, opplyser Kystverket.