Slik informerer Fedje-ordføraren innbyggjarane om sparkinga av rådmannen

Her er meldinga Fedje kommune har lagt ut på nettsidene sine onsdag.

Her er meldinga Fedje kommune har lagt ut på nettsidene sine onsdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

I den offisielle meldinga oppgir Fedje-ordførar Stian Herøy (H) ingen grunnar til oppseiinga.

DEL

Fedje-rådmann Ingebjørg Vamråk vart tysdag sagt opp med umiddelbar verknad.

Dette skjedde i eit lukka kommunestyremøte som ordførar Stian Herøy (H) hadde kalla inn til via SMS, ifølge NRK, som først melde om saka onsdag.

Herøy er svært ordknapp overfor kanalen og seier berre at saka handlar om manglande måloppnåing og ei «enkelthending».

Får ikkje forklaring

Endå mindre meddelsom er han overfor sine eigne innbyggjarar på Fedje. Den korte offisielle meldinga på Fedje kommunen sine nettsider, som vart publisert onsdag, lyder slik:

Rådmannen går av

Kommunestyret i Fedje sa i går opp rådmann Ingebjørg Vamråk med øyeblikkeleg verknad. Vedtaket var samrøystes.

Plan- og utbyggingssjef Øyvind Tolleshaug vart konstituert som rådmann.

9. mai 2018,

Stian Herøy

ordførar

Fekk ordførarros i oktober

Avisa Nordhordland er kjent med at rådmannen på Fedje har vore omstridd i lengre tid. Likevel gav dei samme politikarane Vamråk i fjor ein lønsauke på 250.000 kroner, noko som tilsvara 30 prosent auke.

– Ho har gjort ein god jobb og fått påskjøning for det. Eg er fornøgd med rådmannen min, og ho gjer ein god jobb for Fedje, sa Herøy då Avisa Nordhordland melde om saka 26. oktober.

At reiselivet på Fedje i fjor sommar fekk ein opptur, var også noko han tilskreiv rådmannen.

– I år har vi hatt ein sommar vi ikkje har sett makan til, med turistar og ein del andre ting. Det er også fleire nye småbedrifter som har etablert seg. Det har rådmannen sjølvsagt bidrege til. Vi ser og at det er grunnlag for framtidig vekst, sa ordføraren i same intervju.

Artikkeltags