Fraktebåt har gått på grunn nord for Fedje

Det er den norske fraktebåten Selvaagsund som har grunnstøytt ved Sumarsøyna nord for Fedje. Foto: Berge Rederi

Det er den norske fraktebåten Selvaagsund som har grunnstøytt ved Sumarsøyna nord for Fedje. Foto: Berge Rederi Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Norsk fraktebåt har gått på grunn ved Sumarsøyna i Ytre Solund.

DEL

Det er fraktebåten Selvaagsund som har grunnstøytt. Det melder NRK Hordaland tirsdag morgon.

– Båten tek inn vatn i to ballasttankar, men situasjon er under kontroll, seier Johan Mannsåker ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

Hovudredningssentralen vart varsla om grunnstøytinga klokka 0320.

Ifølge NRK Hordaland er fraktebåten lasta med grus og har ei besetning på åtte.

– Det har gått svært bra med dei som er ombord. Det er ikkje meldt om skadar, seier Mannsåker.

Dei åtte om bord er på ein sikker stad om bord i redningsskøyta «K. G. Jebsen» som kom tidleg på plass ved havaristen.

Kystvakten er også på veg for å hjelpa havaristen. Dei har sendt portabelt lenseutstyr med ein hurtigbåt som var framme i 11-tida, medan KV «Tor» er på veg og reknar med å vera framme i 14-tida, tysdag.

Vaksjef i Kystvakten, Rune Svartsund, seier at dei førebels ikkje har oversikt over skadeomfanget.

– Båten skal stå godt på grunn, men det er snakk om at den kan verta løfta av når det kjem flo sjø, seier han.

Artikkeltags