Dette spesialskipet skal stå for ubåt-operasjonen

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det nederlandske skipet «Stornes» skal lage støttefyllinga for U-864. «Siem Marlin» skal truleg stå for miljøovervakinga.

DEL

Det opplyser beredsskapsdirektør i Kystverket, Johan Marius Ly, til Avisa Nordhordland.

– «Stornes« skal stå for steinlegginga, medan det mest truleg blir «Siem Marlin» som skal stå for miljøovervakinga, seier Ly til Avisa Nordhordland.

Siem-rederiet stadfestar at kontrakt er signert og at skipet truleg blir Siem Marlin».

«Stornes» er eit spesialskip designa for å frakta steinmassar og utplassere massar på havbotnen, eit såkalla «fall pipe»-skip. 

Ifølge nettstaden marineinsight skal skipet, som vart bygd i 2011, vera det største i verda av denne typen. Skipet er eigd av det nederlandske selskapet Van Oord, som har fått kontrakt på oppdraget. 

LES OGSÅ: Slik blir den massive operasjonen rundt Fedje-ubåten

Startar i mai

Som Avisa Nordhordland har meldt tidlegare, er det til våren Kystverket går i gang med den massive operasjonen det er å laga støttefylling under U-864 utanfor Fedje.

Oppdraget er tildelt det nederlandske selskapet Van Oord. Kontrakten vart signert i desember.

– I mai begynner Van Oord det fysiske arbeidet med å etablera støttefyllinga. Då vil desse to fartøya operera utanfor Fedje. Fysisk vil dette foregå frå mai og ut juni, med litt vêrforbehod, seier Ly.

LES OGSÅ: Vel utanlandsk selskap for den massive operasjonen rundt Fedje-ubåten

Stein frå Gulen

Støttefyllinga er eit tiltak for å stabilisera ubåten som er full av kvikksølv.

– Ubåten ligg i ei skråning, og den skråninga er geoteknisk ustabil. Ekspertisen vi har hatt med oss i prosjektet har anbefalt å etablera ei støttefylling, uavhengig av kva tiltak som skal gjerast med sikte på kvikksølvforureininga i vraket, seier Ly. 

Steinmassane skal hentast frå eit steinbrot i Skipavika i Gulen.

– Båten vil gå inn i Fensfjorden til steinuttaket i Gulen, men vi vil ikkje ha ein prosjektorganisasjon av betydning på Fedje. I all hovudsak vil dette foregå frå fartøy, seier Ly. 

– Unikt prosjekt

Kva som skjer vidare med U-864 er usikkert.

– Anbefalinga er at dette bør ligga i halvtanna år, før ein går vidare med andre tiltak. Kva dei vidare tiltaka blir har ikkje vi fått bestilling på, og det blir uansett ei politisk sak, seier Kystverket-direktøren. 

LES OGSÅ: Ubåtvraket blir ikkje rørt før 2018

– Er dette det største prosjektet til Kystverket i år?

– Nei, det er det ikkje. Vi driv mykje med hamneutbygging, moloar og er i gong med forprosjekt til Stad skipstunnel, blant anna, så det er mange andre prosjekt.

– Men dette er jo eit veldig spesielt prosjekt sidan det er veldig høgt fokus på å fjerna miljørisikoen frå kvikksølvforureining. Slik sett er prosjektet unikt, både for Kystverket, Noreg og heilt sikkert også i verdssamanheng.

Vil ha alt fjerna

Torsdag i forrige veke vart det halde eit informasjonsmøte på Fedje, der Kystverket, representantar frå Van Oord og Det Norske Veritas (DNV GL) var tilstades. 

Mellom 30 og 40 fedjingar møtte fram og fleire kom med kritiske spørsmål og bemerkningar til den langdryge prosessen. 

– Det var bra med folk og vi fekk grundig og solid informasjon frå Kystverket. Men den inneheldt eigentleg ikkje noko nytt, sier ordførar Stian Herøy (H) til Avisa Nordhordland.

Supplyskipet «Siem Marlin» skal truleg sørga for miljøovervakinga under den kompliserte operasjonen. Foto: Siem Offshore

Supplyskipet «Siem Marlin» skal truleg sørga for miljøovervakinga under den kompliserte operasjonen. Foto: Siem Offshore

Han og hans forgjengarar har lenge krevd kvikksølvet fjerna, helst heile ubåten.

«Fedje kommune har vel signalisert at ein ønsker å få opp alt. No har ein begynt jobben med å stabilisera botnen rundt ubåten, men vi er ikkje veldig fornøgd med det. Vi synes dette går veldig seint. Prosessen har snart tatt ti år no, og det er altfor lenge.», sa Herøy til Avisa Nordhordland i desember.

Løyvde 50 millionar

– Målet vårt er at folk skal vita kva vi gjer til ei kvar tid. Grunnen til at vi gjer dette er at vi meiner det er eit nødvendig tiltak. Men dette er ikkje det endelege tiltaket. Det har ikkje vi fått bestiling på og er uansett ei politisk avgjerd, fastheld Ly.

Regjeringa løyvde i fjor 50 millionar kroner til U-864-arbeidet. Dette er ikkje tilstrekkeleg for årets operasjon, men Kysverket har ubrukte midlar frå tidlegare år å ta av.

Kystverket har ifølge Ly jobba med ubåtsaka heilt sidan 2003.   

– Kva meinar Kystverket om pengebruken på ubåten?

– Det får andre vurdera. Dette er eit komplisert prosjekt, og det er mange delar og fasettar av det. No gjer vi eit tiltak vi er nødt til før vi går vidare med permanente tiltak, svarar han. 

Artikkeltags