Varebil og personbil støytte saman på E39
Det var den kvite varebilen og den raude personbilen ved 70-skiltet lenger framme i bildet som støytte saman på E39. Årsaka til samanstøyten er ikkje kjend. Foto: Trond Roger Nydal
Påkøyrsle bakfrå mellom varebil og personbil.
Ein varebil og ein personbil kolliderte på E39 søndag formiddag.
Samanstøyten skjedde like etter Nordhordlandsbrua i sørgåande retning i 11.30-tida.
Personbilen hadde fått ein kraftig trøkk bak, medan varbilen hadde skadar i fronten. Då Avisa Nordhordland var på staden kort tid etter smellen stod bilane i vegbana og førarane skreiv skademelding.
Trafikken klarte å komme seg greit forbi dei to bilane.
Føraren av den eine bilen opplyste til Avisa Nordhordland at det var snakk om ein kollisjon bakifrå der varebilen hadde køyrt i personbilen. Vedkommande hadde ikkje interesse av meir kontakt med avisa.
Politiet er kjent med kollisjonen og var på veg til ulykkesstaden like før klokka 12.