Meland-firmaet Motitech har inngått avtale med Sykkel-VM

– Gjennom dette håper vi å engasjere, motivere og stimulere både brukarar og tilsette til auka aktivitet, seier dagleg leiar i Motitech, Jo Ingar Kjenes. Arkivfoto

– Gjennom dette håper vi å engasjere, motivere og stimulere både brukarar og tilsette til auka aktivitet, seier dagleg leiar i Motitech, Jo Ingar Kjenes. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sørger for at dei eldre får sykle fram til VM.

DEL

Meland-firmaet Motitech har fått mykje merksemd for teknologien der dei lar eldre på institusjonar sykle medan turen blir visualisert på skjerm med autentisk film.

På denne måten kjem dei eldre i meir aktivitet, noko som medfører ei rekke helsemessige gevinstar. Medisinbruken går ned og appetitten opp. Aktiviteten har også vist seg å friske opp hukommelsen til demente.

LES OGSÅ: Meland-firmaet Motitech satsar stort i Norden, vil vidare ut i Europa

No har Meland-firmaet inngått eit samarbeid med Sykkel-VM i Bergen. Meisterskapen blir arrangert i Bergen 16.-24. september i år.

Prosjektet har fått namnet «Sykkel-VM for eldre» og blir ein del av folkehelsekampanjen «Sykle til VM», som rullar i gang 18. april.

– Motitech gjer allereie eit fantastisk arbeid på institusjonar og dagsenter i heile Norden for å motivere eldre til å bli meir fysisk aktive. Dette er heilt i tråd med det vi ønsker med folkehelsekampanjen, "Sykle til VM", seier sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen til arrangøren si eiga nettside.

Forretningsideen til Motitech har blitt utvikla i samarbeid med Bergen kommune. 140 institusjonar i Norden har sikra seg teknologien til Motitech.

LES OGSÅ: Motitech fekk mest - sjekk kven ande som fekk SPINN-midlar

No lovar Motitech-sjefen sykkelfest for eldre på institusjonar fram mot haustens store sykkelfest i Bergen.

– Vi lagar ramma med t-skjorter, hattar og annen festivitas. Det skal bli VM-fest på lokalet. Gjennom dette håper vi å engasjere, motivere og stimulere både brukarar og tilsette til auka aktivitet, seier dagleg leiar i Motitech, Jon Ingar Kjenes.

Artikkeltags